Politi | 23. mai 2021

Sykkelulykke i Rødsliane

Fekk assistanse etter velt.

Sykkelulykke i Rødsliane
Ambulanse kom til staden etter uhellet. (Lesarbilde, foto: Rolf Lunde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 23. mai 2021 18:27

Ein syklist hadde eit uhell på fylkesveg 579 Hegglandsdalsvegen i dag.

Uhellet skjedde i Rødsliane i 14-tida.

– Syklisten var ikkje åleine, men på tur saman med andre, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Ambulanse rykte ut til staden.

– Det var ingen bilistar involvert i hendinga, og det er heller ikkje oppretta sak hos oss, seier Hellesund, som heller ikkje kan seia noko om skadeomfang.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.