Ferske flyfoto av heile E39-prosjektet
Sjå bildeserie og les kva arbeid som pågår før mannskapen tar ferie.
Bildeserie:
Måndag 13. mai var siste store milepæl - siste av over 4.300 salvar (!) mellom Os og Bergen på ny E39 mellom Svegatjørn og Rådal.
Arbeidet med det rekordstore vegprosjektet held naturlegvis fram, og store delar av vegstykket byrjar å sjå ferdig ut.
Torsdag 4. juli var Hawkeye, som leverer tenester innan geomatikk (innmåling) og dronefoto for Statens vegvesen, i lufta.
Sjå resultatet i bildeserien over.
På denne sida kan du zooma i bilda og sjå tidlegare dronefoto frå vegprosjektet.
Ein sommar med sement
Det er framleis fleire arbeidarar som ikkje har tatt ferie enno.
– Det er klargjering til den siste av dei store støypejobbane i prosjektet i desse dagar. Det skjer i Rådal, der det tysdag 16. juli skal støypast siste takdekket på tunnelportalen i sørgåande retning, skriv Statens vegvesen i ei oppdatering i går.
Tysdag 25. juni støypte mannskapa tilsvarande dekke på nordgåande portalen. I vekene etter har det blitt jobba med armering til dekke på sørgåande portal for Råtunnelen i Rådal.
Når støypinga er i gang må arbeidet halda fram kontinuerleg – heilt til jobben er gjort. Planen er å ta til med betonglevering klokka 6 om morgonen. Det er venta at jobben vil pågå i kring 20 timar.
Så skal betongen herdast før mannskapa kan ta ein velfortent ferie på slutten av veke 29.
Også i Lyshorntunnelen pågår det framleis noko arbeid før entreprenøren kan ta sommarferie. Denne veka er det innreiingsarbeid, i neste veke skal det gjerast noko betongarbeid i tverrslaga inne i tunnelen.
• Sjå alle sakene og videoane våre frå prosjektet: E39 Svegatjørn-Rådal
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.