Filma farleg skuleveg

Månelyst i Solbakken: Den eine gata har fått nye lys, den mest trafikerte er smal og mørk.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 29. okt. 2017 09:52

Bildeserie:

Her kjem traktorvegen ut i Solbakken. (Foto: KVB)
Solbakken har fått gatelys. (Foto: KVB)
... men frå Solbakken til E39 er skulevegen smal og mørk. (Foto: KVB)
Ingen fortau og høg trafikk. (Foto/video: Trond Tøsdal)
Denne tunellen er tryggare. (Foto: KVB)
Men stien er ikkje god å gå eller sykla på. (Foto: KVB)
Trolldalen nede,traktorvegen oppe i kartet. (Google Maps)
Her kjem traktorvegen ut i Solbakken. (Foto: KVB)
Solbakken har fått gatelys. (Foto: KVB)
1 av 7
Solbakken har fått gatelys. (Foto: KVB)
... men frå Solbakken til E39 er skulevegen smal og mørk. (Foto: KVB)
Ingen fortau og høg trafikk. (Foto/video: Trond Tøsdal)
Denne tunellen er tryggare. (Foto: KVB)
Men stien er ikkje god å gå eller sykla på. (Foto: KVB)
Trolldalen nede,traktorvegen oppe i kartet. (Google Maps)
Her kjem traktorvegen ut i Solbakken. (Foto: KVB)

(VIDEO: Trond Tøsdal filma skulevegen i Trolldalen, på Lepsøyvegen mellom Halhjemsvegen og Solbakken)

– Sjølv om det er eit roleg nabolag, er det mange berørte. I Solbakken er det 15 bueiningar, på Lio er det rundt 25. I tillegg kjem all trafikk av turgåarar som skal på Liafjellet, seier Bjarte Tolleshaug.

Han bur i Solbakken og har engasjert seg for å få tryggare skuleveg.

– Eg var imponert då nye gatelys kom på plass i den kommunale vegen Solbakken. Gata var tidlegare heilt mørk.

– Kommunen sa i juni at dei ville koma, i august var nye lys på plass. BKK brukte over ein månad på å tenna dei nye lysa, dei venta visst på ein målar, men no er det endeleg godt gatelys i Solbakken.

25. september blei lysa tente. Dei har rett nok vore slått av om nettene, ein feil som er varsla til kommune og BKK.

Filma situasjonen i Trolldalen

Mens det er lysare tider i Solbakken er den meir trafikerte delen av ungane sin skuleveg, Lepsøyvegen mellom Lepsøykrysset og Nilsavegen (Trolldalen), smal, utan fortau, og med svake gatelys og mykje skygge.

Både barneskuleelevar på Lunde og ungdomsskulelevar på Nore Neset har dette som kortaste skuleveg, som fotgjengar eller syklist.

– Situasjonen er i grunnen godt nok skildra i videoen som Trond Tøsdal nyleg tok.

Midtsiden har integrert videoen øvst i artikkelen, etter samtykke av fotografen.

Tøsdal bur i Kuvågen og er elev ved Nore Neset ungdomsskule. I videoen over ser du ei vandring gjennom Trolldalen i tida ungar og ungdom går til eller frå Nore Neset ungdomsskule eller Lunde barneskule.

Godkjent plan

Det er en godkjent reguleringsplan for området datert 4. mars 2014. I denne planen er det regulert inn fortau langs fv. 158 Lepsøyvegen, busslomme. I tillegg er mengda avkøyrslar redusert. Vegen er fylkesveg, men planen for området er representert på Os kommune si prioriteringsliste.

Tolleshaug har born på 6 og 10 år. Ho eldste syklar til skulen. Den siste tida har han etterlyst trafikksikringstiltak i Trolldalen.

Han har fått svar frå Statens vegvsen, som fortel om trafikkteljing som viser 3.800 bilar i døgnet.

I september var det nye målingar tre dagar på rad, desse viste 4992, 5051 og 5162 bilar i døgnet.

I svaret frå vegvesenet står det: «Bevilgninger til fylkesveg blir gitt gjennom Hordaland fylkeskommune sine investeringsprogram. Det er ikke prioritert tiltak på denne delen av Lepsøyvegen i inneværende planperiode 2014-17. Vi vil registrere din henvendelse som et innspill i det videre trafikksikkerhetsarbeidet. Her vil det bli vurdert opp mot andre aktuelle prosjekt i fylket.»

Ber om midlertidige tiltak

– Vegvesenet har hatt fartsmålingar i Trolldalen, mellom Lepsøykrysset og den krappe svingen med avkøyrsle til Solbakken. Dette er eit kort strekk der det ikkje er naturleg å ha høg fart.

Fartgrensa i området er 50 km/t. Målinga viser at 85 % av trafikantane køyrer lågare enn 39-40 km/t.

– Farten er gjerne ikkje det største problemet. Der problemet med fart truleg er størst er uansett der bilar frå Os, som svinger inn på Lepsøyvegen, kjem frå 70-sone, i høg fart, rundt svingen. Der kan det òg stå bil som ventar på å svinga til venstre til Nilsavegen og Lekven.

Lepsøykrysset er ulykkesbelasta. Tolleshaug påpeiker at påbodsskiltet på midtrabatten nærmast kva vinter blir køyrd flatt av bilistar som har mista kontrollen.

– Det verste er mangelen på fortau, trafikkmengda og det dårlege lyset. Staden dei målte fart på er dessutan ikkje den beste, men eg har fått dei til å stå ein annan plass og ta ny måling.

• Les òg: I gang med prosjekteringa (2016)

Den nye målinga viste at 85 % køyrde under 50 km/t. Snittfarten gjekk opp med 5 km/t frå førre måling.

– Eg har òg spurd om midlertidige tiltak, som fartsdump, stipla fortau eller å redusera fartsgrensa. Stipla fortau, slik vi har forbi Amfisenteret, var visst ikkje aktuelt, men fartsgrensa kan bli redusert.

I fjor blei fartsgrensa i Solbakken redusert frå 50 til 40 km/t.

Tolleshaug representerer ikkje andre enn seg sjølv, men er i dialog med FAU ved Lunde barneskule, som òg har kontakt med Os kommune om problemet.

– Eg vil invitera politikarane til synfaring i området.

Ei rimeleg løysing på problemet

Den godkjende reguleringsplanen for Lepsøykrysset, som òg inneheld gang- og sykkelveg i Trolldalen, er venta å kosta 10-12 millionar kroner.

– Ei rimeleg løysing mens vi ventar på realisering kan vera å legga til rette for bruk av gangtunellen under E39, mellom Lekven og Solbakken.

Tolleshaug snakkar ikkje om kulverten ved Lepsøykrysset, som Nilsavegen går gjennom, men om ein tunell lengre nord, nokre meter nærmare Os enn der fotoboksen retning nord står.

– Frå Lekven og opp til tunellen er stien fin, men i tunellen og resten av stien er det traktorveg.

– Om Os kommune vil legga grus på denne vegen, så den blir god å sykla og gå på, så er det eit kjempeløft for trafikktryggleiken til elevar både ved Lunde barneskule og Nore Neset ungdomsskule.

OPPDATERT: Midtsiden får opplyst at Os kommune er i gang med oppgradering av traktorstien mellom Solbakken og kulverten, men har sett inn ressursar på Langedalen ein periode, og vil ta opp igjen arbeidet i Solbakken om ei veke eller to.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.