Politi | 21. aug. 2023

Filma ungdom som «luska» i hagen

Kontakta politiet etter hending i 04-tida om natta.

Filma ungdom som «luska» i hagen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. aug. 2023 08:32

Søndag blei politiet kontakta av ein innbyggar som hadde hatt ubedne gjestar utanfor huset sitt.

– I 04-tida hadde han oppdaga at to ungdomar var og «luska» i hagen hans.

– Han hadde videokamera som hadde fanga opp dei to. Det såg foreløpig ikkje ut som om noko var sakna, men han vil ringa om dei dukkar opp igjen.

I 02.45-tida natt til søndag fekk politiet melding om støy frå fest aust for Os sentrum.

– Ein patrulje køyrde innom adressa og delte ut pålegg om å dempa seg.

Klokka 03.35 fekk politiet melding om ein full person som låg på bakken ved Coop i Os sentrum.

– Vedkomande, ein mann i slutten av 20-åra, blei sjekka og sendt i marsj. Han ville spasera heim.

Søndag formiddag litt før klokka 10 fekk politiet melding om ein laus huns i Storestraumen.

– Hunden var mørk og langhåra. Vi hadde ingen saknamelding på hund, og det blei heller ikkje sett inn nokre tiltak.

I 12-tida søndag fekk politiet melding om ein bil som stengte inne fleire andre på ein parkeringsplass nord for Os sentrum.

– Etter litt tid fann vi ut kven som er eigar, og fekk kontakt med vedkomande så bilen kunne bli flytta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.