Politi | 17. aug. 2023

To båtførarar mistenkte for køyring i rus

Først var politiet i Lepsøyosen, så i Os hamn.

Den nye politibåten i Os hamn, her under ein aksjon tidlegare i august. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. aug. 2023 07:30

Tysdag ser ut til å ha vore ein «festleg» dag på sjøen.

Klokka 20.10 fekk politiet melding om mann i Hagavik som hoppa i sjøen med kleda på.

Politibåten rykte ut og møtte ein båt i Lepsøyosen (mellom Lepsøy og Sørstrøno) med to fulle personar.

– Kvifor dei valte å bada med kleda på er uvisst, men båtførar er meldt for køyring i påverka tilstand, skreiv Vest politidistrikt på X (tidlegare Twitter) i går.

I dag opplyser Bjørnafjorden politistasjon at politibåten også var i Os hamn i går.

– Der blei ein annan mann som blåste over lovleg verdi mistenkt for å ha køyrd båt med promille.

Dette var i 22.20-tida. Begge dei mistenkte er i 30-åra.

Politiet har foreløpig ikkje oppdatert informasjon etter trussel mot Nav i går, men vil truleg koma med meir om saka seinare i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.