Sport | 15. aug. 2011

Fin runde i 5. divisjon

Lysekloster har starta hausten med 15-2 i målforskjell på to kampar. Søre Neset tok dessutan eit viktig poeng i helga.

Fin runde i 5. divisjon
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. aug. 2011 20:51

Lysekloster speler som om dei er langt oppe i 4. divisjon, samtidig klamrar Søre Neset seg fast til den viktige andreplassen, ein plass som også fører til direkte opprykk.

RUNDE 13:
Lysekloster - Trott: 8-1
Fitjar - Søre Neset: 1-1

Dei andre laga som er nær på 2. plassen tapte sine kampar i helga. Solid tapte for Baune 2 (3-4), Rosendal tapte for Laksevåg 2 (2-4) og Eidsvåg tapte for Fusa (2-3).

– Endeleg sat alt som det skulle, førsteomgangen mot Trott er første gong i år vi har vore nøgd med ein heil omgang, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.

Lysekloster leia 6-0 til pause i gårsdagens heimekamp. Ørjan legg ikkje skjul på at hans eigen bror var med på å gjera omgangen god.

– Thomas har vore vekke ei stund, men er no tilbake, og det prega laget den omgangen han spelte. I tillegg skåra han to mål.

Også Øyvind Olsen skåra to mål i går. Dei andre målskårarane var Morten Sætre, Kim Krogsethagen, Christoffer Robin Larsen og Ole Christian Jørgensen.

Lysekloster speler borte mot Fusa i neste runde, Søre Neset har heimekamp mot Eidsvåg måndag om ei veke (kl 18.30).

Haustens store lokaloppgjer, Lysekloster - Søre Neset, går av stabelen søndag 28. august klokka 18.00.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.