Sport | 09. juni 2012
Fine skot og gode redningar
VIDEO: Over 1000 fotballspelarar frå 6 til 12 år har vore i sving på Kuventræ i dag.
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 09. juni 2012 18:40
Laurdag og søndag, to kampar per dag, denne helga speler over 100 fotballag kamp på Kuventræ.
Os Turn har kjøpt nokre og lånt andre frå Søfteland, sånn at dei no har 5-ar-mål til dei fleste yngre laga.
Med det har keeperane fått betre arbeidsforhold, men det har blitt litt vanskelegare for spissane å skåra.
Nokre mål blei det likevel - ikkje minst hs 2000-kullet, som i år speler sin siste Bjørnefjorden Cup.
I videoen under kan du sjå nokre av dei yngste og eldste i sving, og du kan sjå 2001-talenta Ole Martin Kolskogen og Tobias Nøss leika seg på 2000-nivå.