Meining | 03. des. 2023

Finn fram megafonen!

DEBATT: Me kjenner at det er tida for å brøla, og heve røysta for alle dei som bur på aust-sida i Bjørnafjorden.

Finn fram megafonen!
Line F. Storum og Richard Markhus. (Foto: privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. des. 2023 18:36

Det er viktig for oss å få fram at dette lesarinnlegget ikkje er ein ny Os–Fusa-debatt, og at me anerkjenner at også mange på Os-sida har lang veg til legevakt og blålysetatar.

Å byggja to gamle kommunar til éin, betyr ikkje å samla alt på éin plass, kjære ordførar.

Alt kan ikkje skje i sentrum.

Me som bur i utkantane høyrer også til, og treng å ha forsvarlege helsetenester nærare der me bur. Me vil ikkje vera redde for at nokon me er glad i ikkje får den hjelpa dei treng om dei blir akutt sjuke, eller kjem ut for ei alvorleg ulukke.

Å bu i Bjørnafjorden med adresse i Fusa kjennes ikkje trygt om dagen. Etter at Høgre og Framstegspartiet la fram sitt budsjettforslag innser me diverre, men ikkje overraskande, at me på andre sida av fjorden kjem dårlegast ut.

Det vil kanskje liggja på knivseggen til kva som er lovleg og forsvarleg, sa varaordførar Marie Bruarøy i formannskapsmøte på torsdag, men då er me villige til å gjera justeringar etter kva som er naudsynt.

Kor tid blir det naudsynt, og kva sjansar er de villige til å ta?

Å fasa ut ei velfungerande legevaktteneste i Eikelandosen er uforsvarleg, og kan bli direkte farleg. No har me endeleg ei ordning der innbyggjarane, næringsliv og helsepersonell kjenner på tryggleik og stabilitet.

Korleis er dette tenkt i praksis? To legar på Moberg? Det er fortsatt like lange avstandar, og ein fjord imellom til Lygrepollen og Strandvik når det verkeleg gjeld.

Me meiner det er betre å ta grep med å optimalisere tenesta, og ta ned utgiftene, enn å berre setja strek og leggja ned. Å sei at legevakt-tenesta i Eikelandsosen ikkje er bærekraftig, slik Terje Søviknes sa, held ikkje. Er det ei tid for å bruka sparepengane til kommunen, så er det no.

I tillegg vil Høgre og FrP kutte vaktlagsordninga på brann og redning. Den er brukt lang tid på å byggje opp og fungerer endelig som den skal.

Me må ha respekt for kompetanse, og å rekruttera til denne tenesta er heller ikkje lett. Om vaktlagsordninga vert lagt ned betyr det i verste fall at ein uttrykningsleiar kjem åleine til ei ulukke, eller ein brann. Kva om ambulansen då er på Voss, og luftambulansen ikkje kan letta grunna grått vêr? Det blir for store belastningar for dei tilsette, og for mykje tilfeldigheiter ved akutte hendingar.

I valprogrammet til FrP kan ein lese om at dei vil sikre lokal legevakt i Eikelandsosen, prioritere helse, og vilje til byggja heile kommunen.

Val-løftet er allereie etter nokre veker ramla mellom to stolar om budsjettforslaget som no er lagt i bordet frå dei blå blir ein realitet.

Fusa-delen av Bjørnafjorden sit att med Svarteper.

Det høyres flott ut å sei at ein vil reetablera ein JA-kommune, ta heile kommunen i bruk, og leggja til rette for bustadbygging også i bygdene. Men er det faktisk ei reell JA-haldning til bygdene om ein legg ned legevakta og vaktlagsordninga?

Om folk ikkje har tilgang på nødvendige helsetenester, og kjenner på tryggleik for seg og sine trur me ikkje at folk vil busetja seg og slå rot her, då får me heller ikkje den utviklinga me ynskjer.

Me ser med håp og optimisme fram mot kommunestyremøte den 14. desember. Budsjettforslaga kan fortsatt endrast.

Me håpar at den trygge styringa Høgre og FrP lova i valkampen gjeld for alle i heile Bjørnafjorden.

Det er ikkje for seint å snu.

Line Furubotn Storum
Kommunestyrerepresentant, Ap

Richard Markhus
Kommunestyrerepresentant, Ap

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.