Sport | 01. juni 2017

Fire frå Os aktuelle for LS-lag

Med gull i fjor har Hordaland skyttarsamlag mykje å forsvara på Landsskytterstemnet i Førde i sommar. Fire av åtte aktuelle skyttarar er frå Os!

Fire frå Os aktuelle for LS-lag
Markus Johannessen og Sofie Evensen frå Os skyttarlag skyt på førstelaget (privat foto)
Andris Hamretorsdag 01. juni 2017 13:52

Bildeserie:

Aleksander Ronæs og Amalie Evensen frå Os skyttarlag skyt på andrelaget (privat foto)
Aleksander Ronæs og Amalie Evensen frå Os skyttarlag skyt på andrelaget (privat foto)
1 av 1
Aleksander Ronæs og Amalie Evensen frå Os skyttarlag skyt på andrelaget (privat foto)

På landsskytterstemnet i Målselv i fjor skaut Amalie Evensen og dei tre andre på laget til Hordaland seg til NM-gull i lagsskytinga, og er soleis regjerande noregsmeistrar.

I slutten av juli skal samlaget frå Hordaland freista å forsvara tittelen, og det kan bli med eit reint Os-lag.

– Fire osingar var på uttaksskyting til lagskyting for Hordaland skyttarsamlag i går. Av dei åtte ledige plassane fekk osingane fire av dei, fortel Jan Kristian Evensen i Os skyttarlag.

Dei fire frå Os skyttarlag er Aleksander Ronæs, Amalie Evensen, Markus Johannessen og Sofie Evensen.

Heftig høgt nivå på osingane

Dei fire osingane skyt på to lag, med Sofie og Markus på førstelaget og Aleksander og Amalie på andre laget.

– Uttaksskytinga er førebuingar fram mot landsskytterstemnet i Førde litt seinare i sommar, der kun eitt lag frå kvart samlag får delta.

– Dei åtte aktuelle skyttarane skal no skyta Hordastemnet 9-11 juni og Vestlandsstemnet 7-9. juli. Etter det blir det kun fire av dei som skyt på Landsskyttarstemnet, forklarar Evensen, før han legg til at skyttarane frå Os held eit heftig høgt nivå.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.