Anders Havsgård (med ryggen til) hadde akkurat redusert til 3-4 på brasse då Baune sette inn dette frisparket.

Fire mål var ikkje nok

Os 2 har skåra 19 mål på fem kampar. Berre to av kampane har enda med siger.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Måndag kveld spelte Os 2 heime mot Baune. Gjestane skåra først, så tok Os leiinga, før dei hamna under 2-4.

Heimelaget skåra to til, men tok ingen poeng.

– Eg veit snart ikkje kor mykje vi må skåra for å vinna kampar. No har vi sleppt inn 13 mål på 5 kampar, og det er for altfor mykje, seier ein fortvila trenar Karl Kvile.

Os 2 har starta sesongen med to 4-3-tap, to sigrar på 7-0 og 2-1. I går blei det tap 4-5.

– Det står 13-6 til oss i sjansar. At vi «berre» skårar fire mål er greit, men å sleppa inn fem i denne kampen er svakt. Vi har fokus på nettopp dette med ballgjenvinning, men store delar av laget sviktar i det defensive arbeidet.

– I tillegg er vi noko utålmodige og upresise i oppbygginga av angrepa våre, saman med typiske juniorfeil i duellspelet får vi då ein del å jobba med nettopp defensivt.

Nær opphenting etter flott brasse

Os-juniorane som utgjer Os 2 hadde fått beskjed om å passa ekstra på Baune sin Tord Morken. Fire minutt ut i kampen sørgja Morken for 0-1.

Enrique Crespo Søvik utlikna i 10. minutt og Steffen Kvamsdal gav Os 2 leiinga i 25. minutt, men gjestane skåra fem minutt før pause.

I andre omgang gjekk Baune opp i 2-4 før heimelaget byrja å skåra igjen. Anders Havsgård, som spelte frå start, kom innpå etter ein kvil på benken og sette inn 3-4 på ein flott brasse frå utsida av 16-meteren, etter langpasning av Harry Moore, før han skaffa straffe og skåra igjen.

Men i mellomtida hadde Baune skår på eit hardt og låg frispark frå spiss vinkel, og resultatet blei 4-5.

Os 2 ligg no på 9. plass på tabellen. I neste runde er det bortekamp mot Valestrand Hjellvik, som slo Baune heile 8-0.

TERMINLISTE OG TABELL

Søfteland tapte for botnlag

Søfteland, som speler i ei av naboavdelingane til Os 2, hadde ein god start på sesongen med 7 poeng på dei 3 første rundane, så har dei spelt 3-2 i tre kampar på rad, éin av dei i eigen favør.

Etter å ha cruisa rundt tabelltopp etter dei første rundane tapte dei laurdag 3-2 borte for botnlaget Follese, og ligg no på 5. plass.

Laurdag er det heimekamp mot det som no er botnlaget, Fitjar (kl 13), der dei håper å setja publikumsrekord.

TABELL OG TERMINLISTE

Same reise for Nore Neset

Det tredje 5. divisjonslaget i bygda, Nore Neset, har hatt ein liknande start på sesongen.

Etter 6 av 6 poeng i dei to første rundane venta siger i berre éin av dei tre neste.

Nore Neset vann 2-1 heime over Smørås, men tapte 1-0 borte for Varegg 2 i førre veke.

Nore Neset ligg òg på 5. plass. No ventar tre heimekampar på rad, den første mot Telavåg på 2. plass i morgon, onsdag.

6. og 7. divisjon

Os 3 i 6. divisjon tapte førre kamp 4-3 for Mathopen og ligg no på 2. plass på tabellen.

Nore Neset 2 i 7. divisjon starta sesongen med 9-0-siger, men har tapt dei fire neste og ligg på 7. plass.

Fleire saker