Sport | 19. mai 2017
Fire nye lag for Osdamene
Handballdamene til Os møter fire nye austlandslag neste sesong. Sjå kven her.
Andris Hamrefredag 19. mai 2017 09:13
Os har lagt bak seg ein særs god sesong kor dei enda på 4. plass første året med den nye nasjonale 2. divisjonsserien. No er motstandarane for neste sesong klare.
Som i fjor har Os hamna i Vestlandspulja, supplert med fire nye lag frå Austlandet.
Med Nit/Hak, Oslo-Studentenes IK, Oppsal 2 og Rælingen 2 i pulja blir det ein enklare sesong, reint reisemessig, for Osdamene, som i år møter lag i og rundt Oslo.
Slik ser pulja ut (2. divisjon, avd. 4):
Fyllingen, Stord, Åsane, Os, Gneist, Fana 2, Sotra, Bjørnar, Nit/Hak, Oslo-Studentenes IK, Oppsal 2, Rælingen 2.
Kampoppsettet er venta å koma i midten av neste veke.