Lokal | 12. jan. 2017

Fiskeeksporten treng ikkje bru

Lesarinnlegg: Norsk fiskeeksport har auka jamnt og trutt og vil nok fortsetta å auka, også uten brua.

Fiskeeksporten treng ikkje bru
Eksporten til kontinentet har auka jamnt og trutt. Kjelde for tabellen: SSB
Lesarinnleggtorsdag 12. jan. 2017 11:11

E ny bru framtio for Osingane.....ska bruo redda Os frå å verta ein kommune i bakevjo...hmmm. Trur bruo vil verta som ei tvangstrøya, høge forventninga te ka....dansen rundt gullkalven, den dansen e da ingen som te no har vunne.

Starta å kjøra Norsk fisk te Europa i 1980, mange har kjørt lenge før da.

Mykje ferskfisk kom med hurtigruta te Bergen, lakseeventyret hadde starta, Vestlandet var eit elorado for sjømat, og dei visste å finna sine gode kunder i Europa for å få god avsetning på ein god vare.

Så godt som all transport gjekk med vogntog, og for å komma seg til Kristiansand for å ta morraferja te Hirtshals, måtte ein nå siste gjennomgang frå Halhjem som var kl. 18:00 vanlige kverdagar, lørdag tidligare.

Dei som ikkje rakk dette, måtte kjøra om Hardanger, Kvandal-Kinsarvik-Odda-Haukeligrend og ner Setesdalen til Kristiansand, og då måtte Ole-lukkeøye holda seg heima, her var ikkje rom for pauser.

På tross av alle desse "hindringane", har Norsk fiske-eksport økt jamt og trutt fram te i dag.

I dag går det jo ferjer døgnet rundt, så ingen problem med tidsaspektet.

Norsk fiskeeksport vil nok fortsetta å auka, også uten brua,

Ser ikkje heilt den revolusjonen som bruo vil skapa, spesielt no når Os og Fusa skal slå seg saman og me trenge ei bru inne i fjorden, slik at me kan kobla oss på Hordalandsdiagonalen og den indre trase.

Ikkje det at vi som ikkje vil ha monsterbru er bakstreversk, me berre tenke litt praktisk om ka som vil tjena bygdena og distrikta her Vest samtidig som me ska ivareta aksen sør-nord, vest-aust, det må kunna gå an å har meir enn ein tanke i sving samtidig.

Har funne ein statistikk om eksport oppdelt pr. fylke, og der er Hordaland på topp, utan bru...så korleis dette ska kunna verta så mykje betre med bru......

Me Vestlendingar me ordna oss, men ta ikkje frå oss livskvaliteten og gode buforhold, som kanskje e nøkkelen te vår kreativitet og å gjera oss gode.

Mistemningen som no følger med denne brua, gjer oss ikkje godt, men eg ser mange e kampklare.

Finn-Erik Moberg

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.