Jakt, fiske og natur | 26. juli 2023

Fiskekonkurransen er tilbake

Sist gong var det 145 deltakarar.

Fiskekonkurransen er tilbake
Nokre av deltakarane i 2018. Basholmen og Lepsøybrua i bakgrunnen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. juli 2023 11:23

Laurdag 12. august er det fiskekonkurranse i Øyane igjen.

Det er fire år sidan førre konkurranse og fem år sidan sist Bjørnafjorden Fritidsfiskarlag (tidlegare Os Småfiskarlag) sto som arrangør.

– No blir det kjekt å vera tilbake på kaien utanfor Bunnpris Vedholmen igjen. Vi håper på gode fiskeforhold og like god deltaking som tidlegare år, seier Magnus Lyssand.

Den tradisjonsrike fiskekonkurransen i Søre Øyane var tidlegare del av Kystsogevekene, og arrangert år etter år av fritidsfiskarlaget.

Tett med folk på kaien då det i 2019 var 145 deltakarar. (Foto: Oddmund Lunde/Liv-Randi Lind)
Tett med folk på kaien då det i 2019 var 145 deltakarar. (Foto: Oddmund Lunde/Liv-Randi Lind)

Sommaren 2019 blei det brått klart at det ikkje blei Kystsogeveke eller «Kystkultur no!», som det regionsomspennande arrangementet skifta namn til, og fritidsfiskarlaget la inn årene.

Men lokale Redd Barna Cup bretta opp ermane, gjennomførte og fekk, på kort varsel, i grått vêr, heile 145 deltakarar.

Største fisk uansett klasse var ein lyr på 2,9 kg - tatt av Lilly Davida Vedholm Flaterås (10). (Foto: Oddmund Lunde)
Les ògLilly Davida fekk den største fisken

Dei prøvde seg også med ei smittevernvenleg utgåve med digital rapportering i det første pandemiåret, 2020, men det var det ikkje interesse for.

No er både pandemien over og Bjørnafjorden Fritidsfiskarlag tilbake, og det er duka for full kai og tett med båtar rundt Søre Øyane igjen.

– Førebuingane er i gang. Dei neste dagane skal vi ut og kjøpa premiar og prøva å få inn nokre sponsorkroner, seier Lyssand.

Dette var vinnarane i 2019

Klasse 1 (inntil 10 år)
Største fisk - Andrea Røttingen - 0,8 kg
Mest fisk - Sienna Øvredal - 8 kg

Klasse 2 (10 - 16 år)
Største fisk - Lilly Davida Vedholm Flaterås - 2,9 kg
Mest fisk - Torbjørn Valen - 4,5 kg

Klasse 3 (over 16 år)
Største fisk - Åge Søgnen - lyr 2,6 kg
Mest fisk - Ståle Daae Børnes - 3,9 kg

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.