Lokal | 09. juli 2020

Fjernar fleire sperreband

Skyss/Kringom med oppmjuking av smitteverntiltak på buss, bane, båt og ferje.

Fjernar fleire sperreband
Bussane vil no stoppa p alle haldeplassar og fjerna dei fleste sperrebanda. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. juli 2020 16:22

Pressemelding:

Helsedirektoratet publiserte 2. juli ein oppdatert nasjonal rettleiar for smittevern i kollektivtransporten. I rettleiaren er det innført graderte smitteverntiltak (trafikklysmodell), der nasjonale myndigheiter set tiltaksnivået. Per 30.06.20 er tiltaksnivået for heile landet sett til gult.

– Vi er glade for denne endringa, som vil lette på presset i kollektivtrafikken. Det har vore krevjande når andre delar av samfunnet har opna opp, medan kollektivsektoren har hatt svært strenge smittevernkrav.

– Samstundes forstår vi at kollektivtrafikken er utsett med tanke på smittespreiing, så vi skal vere klare til å stramme inn på kort varsel dersom helsemyndigheitene set tiltaksnivået tilbake til raudt, seier direktør i Skyss/Kringom, Målfrid Vik Sønstabø.

Skyss/Kringom ser at dei nye råda inneber ei oppmjuking som vil gi auka kapasitet i kollektivtrafikken, og vi gjer difor nokre tilpassingar av gjeldande tiltak.

Sperremerkinga på seta vert fjerna, unntatt der seta er vende mot kvarandre. På bussane vil seterada bak sjåfør ha sperremerking.

Det er nødvendig å unngå kontakt ansikt til ansikt, ikkje stå inntil seteradene og stå spreidd i dei opne områda. Bruk av sitteplassar bør prioriterast framfor ståplassar.

Ved å sitte skulder ved skulder er det mogleg å avgrense kontakt ansikt til ansikt, noko som er viktig for å hindre smitte.

Bussane vil frå no stoppe på alle haldeplassar.

Dei reisande må sjølv ta ansvar for å ikkje gå om bord dersom ein ikkje kan halde avstand til andre på ein slik måte at ein unngår ansikt til ansikt.

Framdøra i buss vil frå 13. juli bli opna på alle avgangar i Kringom, og det vert no mogleg å betale med bankkort eller reisekort hjå førar på bussar i Kringom. På båtane i Vestland kan ein no betale med bankkort eller reisekort hjå mannskapet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.