Lokal | 28. nov. 2019

Fleire budsjettforslag i formannskapet i morgon

Politikarane får fem forslag å velja mellom i år.

Fleire budsjettforslag i formannskapet i morgon
Asle Olsen, Trine Lindborg og Terje Søviknes er blant dei som skal legga fram sine forslag til budsjett i morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. nov. 2019 14:09

I morgon er første møte i Bjørnafjorden formannskap, om vi ser vekk frå budsjettkonferansen i starten på november.

Formannskapet har desse medlemmane:
Bjarte Samnøy (KrF)
Espen Aspenes (FrP)
Harald Franz Lekven (uavhengig)
Laila Marie Reiertsen (FrP)
Marie Elisabeth Lunde Bruarøy (H)
Mikal Leigland (Sp)
Terje Søviknes (Frp)
Tina Bøe Buer (MDG)
Trine Lindborg (Ap)

På sakskartet står blant anna KLEM-planen (klima og miljø), beredskap, busetting av flyktningar og politivedtekter.

• Sjå saksdokument og direktesendt video frå møtet på bjornafjordenkommune.no.

Første sak er framlegg til budsjett for 2020 og økonomiplan for 2020 til 2023.

Fleire budsjett å velja mellom

Kommunedirektør Christian F. Fotland la fram sitt forslag til budsjett og økonomiplan 29. oktober. Her ser du heile.

På budsjettkonferansen fekk politikarane gå i djupna på denne, for så å kna og dra i utkastet i retning sin politikk.

Vi reknar med at fleirtalskoalisjonen kjem med eitt samla forslag. I tillegg kjem Frp og Høgre med kvar sine forslag, og fleirtalskoalisjonen sin samarbeidspartnar SV vil òg legga fram eit forslag for seg sjølv.

– Vi er forplikta til å stemma på koalisjonen sitt forslag når vårt fell, men tar oss likevel tid til å visa korleis SV ønskjer å prioritera. Det føler eg vi skuldar veljarane, seier Asle Olsen i SV.

SV vil styrka skule, barnehage og eldreomsprg

SV var tidleg ute og snakka om verdig eldreomsorg i valkampen, blant anna i dette lesarinnlegget frå 3. juli.

– Det står ved lag. Vi ønskjer å bruka 10 millionar av overskotet frå SIO, som i dag går til eige fond, til å styrka bemanninga med rundt 15 årsverk. Vi vil bruka yttarlegare 2 millionar til å redusera husleigeprisen vi skreiv om i sommar til 1500-2000 kroner per bueining, seier Olsen.

Han vil òg auka bemanninga i dei kommunale barnehagane, som i dag ligg «akkurat på kravet», og styrka skulen med 15 millionar kroner så dei kjem opp på bemanningskravet.

– Er det forslag om kutt i budsjettforslaget til SV?

– Nei, vi må auka inntektene for å innfri alt. Einaste måte å auka inntektene på er dessverre eigedomsskatt, og skal vi innføra dette vil vi at det skal vera med ei minstefrådrag som sikrar at alle har råd til det.

Eit forslag som ikkje fører med seg dei store utgiftene er auka ramme til Nav for startlån til førstegangsetablerarar.

Frp med konkrete forslag til innstramming

Frp kjem med eige budsjettframlegg, og Terje Søviknes seier at dei har gått konkret til verks.

– Med den utfordrande økonomiske situasjonen vi har i vente, er det ikkje rom for nokre nye tiltak i denne fireårsperioden.

– Kommunedirektør Fotland vil i gang med prosjektet Bjørnafjorden 2022 for å få budsjettet i balanse. Han har foreløpig ikkje sagt så mykje om metode, vi har brukt tid på å konkretisera kutta som alle ser må koma.

Den avtroppande Os-ordføraren sendte Os gjennom ei nedbemanning i 2001-2002. Han reknar ikkje med å kunna bruka blåpapir på den prosessen i dag, men seier det er ein prosess å læra av, og at det er viktig å gjennomføra dette i eit trepartssamarbeid (administrasjon, politikk og tillittsvalde/fagforeining).

– Kva er du mest spent på med fleirtalskoalisjonen sitt framleg?

– Om dei har tatt inn over seg dei utfordringane vi står ovanfor, eller om dei fell for fristelsen og inkluderer dei kostbare løfta dei gav i valkampen.

Midtsiden fekk i ettermiddag ikkje tak i Lindborg (Ap) eller Bruarøy (H). Framlegga får vi uansett veta meir om i morgon.

Så skal framlegga ut til offentleg ettersyn.

Endeleg behandling er i kommunestyret tysdag 17. desember.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.