Kultur | 18. aug. 2022

Fleire elevar - men også fleire ledige plassar

– Det kan sjå ut som om noko har endra seg i løpet av pandemiåra, seier rektor.

Fleire elevar - men også fleire ledige plassar
Rektor i Bjørnafjorden kulturskule, Christian Breistein. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. aug. 2022 09:35

Skulane er i gang igjen etter sommarferien, og også Bjørnafjorden kulturskule er klare for ein lærerik haust.

– Vi kan sjå tilbake på ein veldig aktiv vår med mange fine og livlege framsyningar. Det var godt å gå frå restrksjonar og digital kommunikajson til å møta kvarande og publikum, seier rektor Christian Breistein.

Les ògKoreografi og knyttneve

– Bjørnafjorden kulturskule er heldig som har så mange dyktige og engasjerte lærarar, og vi har ein plan for fleire arrangement også komande skuleår, men det får vi koma tilbake til.

I juni blei det sendt ut tilbod om plass i kulturskulen til 498 ulike elevar som til saman hadde søkt om 660 plassar.

– Nokre søkjer om fleire fag, for eksempel visuell kunst eller dans saman med eit instrument. Men ikkje alle takkar ja til alt dei har søkt om, dei ser gjerne at veka blir for travel.

– Likevel ligg vi nok i år, når alle har svart på tilbodet, nær toppåret 2019, som hadde 630 elevplassar.

Fulle klassar og ledig plass

Trass i at dei er nær tngering av toppåret for tre år sidan, har kulturskulen ledige plassar på fleire fag og instrument, frå musikkleik, messinginstrument og hardingfele til musikkteknologi, piano og gitar.

– Nokre av faga har få ledige plassar, understreker rektor.

– Piano og gitar har vore veldig populært i mange år, og har framleis mange søkjarar, men er ikkje heilt fullbooka.

Årsaka kan ha med pandemi å gjera.

– Dette er ikkje vitskap, men kulturskulane i Alver, Askøy og Øygarden, som vi samarbeider med, har opplevd det same. Det kan tenkast at ungdomen no vel noko meir sosialt, i grupper, etter to år med mykje heimeskule både på dagtid og ettermiddag med kulturfag.

Blant fag med fulle klassar og søkjarar på venteliste er dans, slagverk og visuelle kunstfag.

– Å innføra nye fag kan ofte vera ein bratt start. Det tar tid før det etablerer seg ein elevmasse og ordet byrjar å gå om nye tilbud.

– Sånn har det vore for visuelle kunsfag, som no er i full vigør med flinke elevar og ein dyktig og engasjert lærar.

– Oseana sitt Friskunst er også i full vigør igjen, eit prosjekt der vi er blant støttespelarane, og som igjen vil føra til meir kultur ut i skulane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.