Kultur | 02. mai 2022

Nøgd og takksam etter Dansens Dager

– Vi dansarar har godt av både å møtast og å prøva oss på uformelle scenar som denne.

Nøgd og takksam etter Dansens Dager
Patricia Langeland mens ho instruerte elevane frå bakkenivå laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 02. mai 2022 12:39

Laurdag blei Dansens Dager markert i Os for første gong.

Over hundre dansarar frå fire danseskular viste seg i grupper - og saman - for eit stort publikum utandørs i Os sentrum.

Sjå bildeserie og video:

Initiativtakar Patricia Langeland frå Bjørnafjorden kulturskule er først og fremst takksam for hjelpa frå kultureininga og mottakinga hos dei andre aktørane.

– Stine Kobbeltvedt er så positiv og handlekraftig at eg er heilt imponert. Det hadde nok ikkje blitt markering i år utan hennar innsats, eg håper vi kan samarbeida med Stine neste år òg, seier Patricia.

– Og så elskar eg å bevisa at det ikkje skal mykje til for å ha det kjekt med dans. Litt musikk og nokre ledige kvadrateter var det vi trengte. I Os er vi bortskjemte som har Oseana, med dei fasilitetane og den profesjoneller amma kulturhuset har å by på. Men av og til har dansarane godt av å koma seg ut på enkle scenar.

Laurdag var det over ein time med dans i Os sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Laurdag var det over ein time med dans i Os sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ein time med dans under strålande sol, på brustein midt på Øyro, blei ein suksess på fleire måtar.

– Dei hadde det veldig kjekt, det såg eg på elevane våre. Og så var det så inspirerande å sjå dei andre, eg fekk sjølv kjempelyst til å trena zumba, og eg synest det var så kjekt initiativ frå Os Swingklubb å laga dans med alle gruppene saman!

Tidlegare har ho tatt elevar med til Bergen under Dansens Dager.

– No sleppte eg å ha ansvar for alle ungane til og frå. Dei heldt seg i gruppene og blei henta av foreldra på staden. Det var jo veldig deilig.

Patricia reknar med det blir markering lokalt neste år òg.

– Då kan det henda at vi skal dela det litt opp, at vi dansar ulike stadar i sentrum til ulike klokkeslett gjennom dagen. Kanskje når vi ut til fleire, at Dansens Dager får ei endå større markering i Os neste år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.