Lokal | 28. aug. 2020

Fleire er meldt etter kontroll av mc-ar og mopedar

– Resultatet viser at vi skal ha fleire slike kontrollar i Os, seier Knut Sylta i Statens vegvesen.

Fleire er meldt etter kontroll av mc-ar og mopedar
Vegvesenet fann mykje å utsetja på både mopedar og mc-ar i Os i dag. (Foto: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. aug. 2020 13:04

Statens vegvesen har i dag hatt trafikkontroll i Os med fokus på moped og lett mc.

– Vi starta kontrollen ved innkøyringa til Os vidaregåande skule, og flytta oss seinare ned til Meny.

– Det blei avdekka trimming av tre mopedar. Desse blei testa på rulleprøvar, og fekk fartsmålingar frå 62 til 65 km/t.

Lovleg fart for moped er 45 km/t.

– Alle desse vart avskilta, og må framstillast hos Statens vegvesen for kontroll for å kunna registrerast på nytt.

I tillegg vart førarane meldt til politiet.

Totalt vart 12 mopedar og lette motorsyklar blei kontrollerte.

Her er samla resultat:
Antall køyreforbud/bruksforbud: 3
Antall avskiltingar: 5
Antall dekkgebyr: 3
Antall anmeldelser: 3
Antall tekniske manglar: 9

– Tre lette motorsyklar fekk mangellapp grunna skjenerande støy. Desse må framstillast kontroll innan gitt frist.

Éin moped var begjært avskilta for manglande forsikring. Mopeden var òg trimma, og blei følgjeleg avregistrert.

– Det vart gitt ni tekniske mangellappar med frist for etterkontroll på lysfeil, slitte dekk, utslitte bakbremsar og manglande speilutrustning.

Det blei skrive tre dekkgebyr for nedslitne dekk og gitt to bruksforbod for lysfeil.

På lett mc var det bra stand, men ulovleg mykje støy frå eksospotter som denne. (Foto: SVV)
På lett mc var det bra stand, men ulovleg mykje støy frå eksospotter som denne. (Foto: SVV)

– Det var ein god del å ta tak i blant mopedane og dei lette motorsyklane på Os i dag. Gjengangsproblematikken blant mopedane er trimming og generell teknisk stand.

– Dei lette motorsyklane var jamt over i god stand. Her var det støynivået som var ein gjengangar. Fleire hadde bytta eller modifisert eksospotta med formål om å få ein kvassare og grovare lyd frå sykkelen. Dette er skjenerande for omgjevnadane, og er ikkje lov.

– Resultatet etter dagens kontroll viser at det absolutt er eit behov for å ha fokus på moped og lett mc. Statens vegvesen vil difor gjennomføra fleire slike kontrollar i tida som kjem, seier Sylta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.