Lokal | 25. juni 2012

Fleire har blitt merka

Politiet har fått melding frå fleire nabolag i Os om merking av postkassar. Merka kan vera plassert av folk som vil gjera innbrot i ferien.

Fleire har blitt merka
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 25. juni 2012 11:45

Dei siste vekene har det vore fleire "stumme" tiggarar i Os. I same rennet, utan at det treng å ha nokon samanheng, har Midtsiden blitt tipsa om at merking av postkassar har vore eit system som del av rekogniseringsrunde.

– Vi kjenner dette mønsteret frå andre distrikt, der folk har vore på rekognisering og merka seg hus som er eigna og mindre eigna som innbrotsobjekt, seier lensmann Rasmus Dalen.

No har også lensmannskontoret i Os fått melding om tilsvarande merking i Os.

– Vi fekk meldingar både før helga og i helga, frå ulike nabolag i Os, om folk som har fått eit merke på postkassen sin dei ikkje veit kvar stammar frå. Det er visst snakk om ulike fargar også, seier Dalen.

– Pass på å sikra huset ditt godt før du reiser på ferie, åtvarar han.

Allier deg med naboar, la det vera litt boss i bosspannet - lat som om du er heime, skriv Huseiernes Landsforbund i si liste over tips til korleis du reduserer faren for innbrot i ferien.

Her er lista over tips (huseierne.no).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.