Samferdsle | 20. juli 2023

Fleire i Os sentrum manglar vatn

– Det ser ut til å vera eit større brot, for det er veldig mange som har ringt oss.

Kommunen og Bergen Vann er no på staden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. juli 2023 17:48

Torsdag kveld har Midtsiden blitt tipsa av fleire som bur nær Os sentrum, som manglar vatn i kranen.

Klokka 19.25 la Bjørnafjorden kommune ut melding der dei fortel om tilsvarande meldingar, og at dei foreløpig ikkje veit kvar vassleidningsbrotet er.

– Det er truleg eit større brot, for det er mange som har ringt oss, seier teknisk vakt.

– Folk har ringt frå blant anna Midtskogvegen, Klokkargarden og sentrumskjerna, menb også frå andre sida av elva og hamna, frå Hamnevegen og Haugsbrotet.

– Er det pågåande gravearbeid nokon stad, at det kan vera årsaka?

– Det einaste eg kjenner til sånn på strak arm, er noko i Borgavegen. Men det treng ikkje ha noko med leidningsbrotet å gjera.

– Vi søker no i området. Det er betre at folk følgjer med på nett enn at dei ringer oss mens vi og Bergen Vann jobbar med saka.

OPPDATERT kl 21.22: Leidningsbrotet ser ut til å vera i Byvegen, i Jordmorsvingen-området.

Det fossar med vatn ut frå undersida av Byvegen. (Foto KVB)

Her var det også leidningsbrot i vinter, og utbetringsarbeid som førte til stengt fylkesveg.

– Når vi no får stengt av dette partiet, vil det berre vera 8-9 abonnentar igjen som manglar vatn, seier vakthavande på staden.

Leidningsbrotet er i eller nær der det tidlegare i år var reparasjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.