Samferdsle | 10. mars 2023

Vatnet fossa opp av bakken utanfor Lucianos

Rykte ut til Byvegen i 05-tida fredag morgon.

Vatnet fossa opp av bakken utanfor Lucianos
Vatnet rann både inn i restauranten og ut i Byvegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. mars 2023 07:58

Rett før klokka 05 fredag morgon fekk Bjørnafjorden brann og redning melding om store vassmengder som rann ut i Byvegen ved Lucianos Pizzeria i Stegen.

– Då vi kom til staden såg vi at det måtte vera eit vassleidningsbrot i bakken utanfor inngangsdøra, seier utrykkingsleiar Tobias Kristensen.

Vatnet rann ut i Byvegen og ti meter retning Øyro før det gjekk i ein kum. Noko av vatnet rann inn i restauranten.

Politiet kom til staden og dirigerte trafikken, då eitt køyrefelt blei stengt ein periode fram til 06.38.

Bergen Vann, som driftar vatnet i Os, kom og stengte vatnet.

«Vi har hatt eit vassleidningsbrot i Os sentrum i morgontimane i dag og er i gong med utbetring. Når vatnet kjem attende kan det vere misfarga. Tapp då med kaldt til det er klart» skriv kommunen i ei driftsmelding.

– Vi fekk kontakt med ein som jobbar på Lucianos. Han kom med bil frå Bergen. Mens vi venta på han, fekk vi stengt vatnet ute, fortel Kristensen.

Så kom brannvesenet seg inn og fekk pumpa og svabra vekk mesteparten av vatnet.

– Det er foreløpig uvisst om vi kan ha ope i dag, men eg håpar det. Eg har foreløpig ikkje vore i restauranten sjølv, men skal snart opp og undersøka, seier innehavar Levent Bozkurt.

Det har vore fleire vassleidningsbrot i Byvegen og andre sentrumsnære stadar dei siste vekene, som Midtskogvegen og Giskavollen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.