Korona | 28. mai 2021

Fleire smitta - mange i karantene

Både tilsett og bebuar smitta.

Fleire smitta - mange i karantene
Luranetunet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. mai 2021 12:47

Ein tilsett ved Luranetunet testa positivt for covid-19 i går, 27. mai. Smittevegen er ukjend. Den smitta er fullvaksinert.

Nok ein tilsett og ein bebuar ved Luranetunet bu- og behandlingssenter har fått påvist covid-19 i dag, opplyser Bjørnafjorden kommune.

Bebuarar og tilsette ved den aktuelle avdelinga blei rutinemessig testa som nærkontaktar.

– Det er svært liten risiko for at ein fullvaksinert person utviklar alvorleg sjukdom. Dei smitta er isolerte. Vi kjem til å testa hyppig, men sjukeheimen og avdelinga kan driva som vanleg. Vi har diskutert dette med Folkehelseinstituttet, som er einige i vår avgjerd, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Den smitta tilsette er ikkje vaksinert.

– Den smitta bebuaren er fullvaksinert. Ho har ingen symptom og er i god form.

– Det kan verke overraskande at fullvaksinerte blir smitta. Vaksinen gir 95 prosent beskyttelse, men det er altså likevel fem prosents sjanse for at ein kan bli smitta - og smitta vidare. Heldigvis beskyttar vaksinen òg godt mot utvikling av alvorleg covid-sjukdom, seier Nordvik Dale.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.