Sport | 25. jan. 2017

Fleire usikre keeper-kort på Kuventræ

I fjor mista Os to keeperar, i vinter har to andre blitt skadd. I tillegg trener Andrew Todd med Brann.

Fleire usikre keeper-kort på Kuventræ
Andrew Todd trener med Brann i vinter. Dei to andre Os-keeperane, Færøvik og Hille, er skadd. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. jan. 2017 09:45

– Vi er førebudd på at vi kanskje må klara oss utan Andrew (Todd) i år. Han reiser uansett heim igjen til USA til sommaren, og uavhengig av kva som skjer i Brann så vil han sjå om han får sjansen på eit høgare nivå dette siste halvåret, seier Os-trenar Hassan El Fakiri.

BT skreiv i går (abo) om den amerikanske keeperen Os har hatt mellom stengene det siste halvanna året. Då Brann sin tredjekeeper er skadd er Todd på utlån for å trena med eliteserieklubben.

Det skal ikkje vera aktuelt å signera han, men sjølv seier han at han ikkje er skremt av nivået.

Færøvik og Hille er langtidsskadd

Kasper Sandven Færøvik, som sleit med ulike skader delar av fjorårssesongen, vokta stengene i over 1,5 av dei 2 siste, avgjerande kampane Os hadde mot Bjarg og Sotra.

I november fekk han ein meir alvorleg skade i kneet.

– Det er uvisst om det blir operasjon, men vi håper uansett på å ha Kasper klar til april, seier Hassan.

Før jul var keeper Thomas Hille ein av tre nye spelarar Os fekk på plass, Hille på lån frå Fana.

På siste trening før Brann 2-kampen for ti dagar sidan knakk Hille ankelen. Seks dagar seinare blei han operert.

– Det er kjipt for både Thomas og oss. No får han seks veker på krykker, men vi trur og håper at han kan vera med på treningsleiren på Kypros i mars, om det så blir for halv maskin, og at han er i full trening igjen i april.

Prøver å få Os-keeper frå Bjarg

Mot Brann 2 hadde Os Glenn Hjelle som keeper. Han er i utgangspunktet tiltenkt Os 2-stallen.

Mot Haugesund 2 laurdag stilte Os med Anders Fossen Lunde mellom stengene.

– Anders har amatørkontrakt hos Bjarg, men er frå Os og ønskjer å spela her. Vi håper Bjarg lar han gå.

Frå null til fire

Om alt ordnar seg, og Todd ikkje finn ny klubb før seriestart, har Os fire keeperar i april. Om skaderehabilitering og overgang ikkje løyser seg så har dei ingen i A-stallen.

I fjor gjekk Frode Moberg Øvredal til Lysekloster, og nysignerte Morten Madsen Skeie, som var skadd og ubrukt av Os, returnerte til Øystese.

– Akkurat no er det dessverre ein del uvisse kring keepersituasjonen. Vi håper å veta meir snart, viss ikkje må vi finne erstattar, seier El Fakiri.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.