Næringsliv | 17. juni 2011

Fleire vil til Halhjem

God start for Halhjemsmarka 3: Selte 8 store tomter frå tysdag til torsdag.

Fleire vil til Halhjem
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. juni 2011 12:25

Måndag 2. pinsedag var første visning i Halhjemsmarka 3, i går hadde Eiendomsmegler Vest selt 8 tomter for Os Bygg og Eigedom.

– Det første tett-låg-feltet gjekk med ein gong. 2 av 5 tomter for tomannsbustadar blei også selt raskt, no held eg på med bodrundar på dei tre siste, fortel meklar Daniel Røksund.

Les òg:
Over toppen - ut mot fjorden

Fleire trinn

I tillegg blei 5 av dei 11 første tomtene for einebustad selt, 4 av dei til tidlegare gruinneigarar med forkjøpsrett.

– Dette er vi veldig nøgd med, seier Ottar Randa frå Os Bygg og Eigedom.

Etter den gode starten reknar han med at førebuing og sal av trinn 2. trinn startar kort tid etter sommarferien.

Det er til saman 72 tomter for 120 bustadar i feltet, som skal seljast i tre trinn.

Visning kvar dag

Det er førebels ikkje planlagt nye visningar, men folk tar seg sjølv på visning.

– Mange ser ut til å villa sjå seg rundt i feltet på eigahand, og det er dei sjølvsagt velkomne til.

– Vi har prospekt på nett og på kontoret, i tillegg er det informasjonstavle på staden og god skilting av tomtene, seier Røksund.

Gode prisar

Salssuksessen Halhjemsmarka 2 ser ut til å få ein god oppfølgjar, og det med prisar som er tre gongar høgare enn i førre felt.

I H2 blei fleire tomter selt til fastpris rett under eller rett over 300.000 kroner, i H3 startar prisane på 900.000 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.