Næringsliv | 06. okt. 2009

Flink, men korttenkt

Vestlendingar er flinke når det gjeld kortsiktig sparing, men ikkje til pensjon. - Dette ser ut til å betra seg, seier Svein Erik Halhjem i Nordea på Os.

Flink, men korttenkt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. okt. 2009 08:16

Nordmenn er blant verdas beste på å spara i bustad, men berre éin av to vestlendingar har ein plan for sparemidlane når det kjem til andre spareformer. Samstundes er det berre 2 av 10 som legg planar for framtida og eigen pensjon.

- Vi er gode på fondssparing, men vi har ein del å jobba med når det gjeld å tenka langsiktig, seier Svein Erik Halhjem, leiar for Nordea i Os

I ei undersøking Synovate har gjort for Nordea seier 9 av 10 vestlendingar at dei de sparar på sparekonto, medan 5 av 10 sparar i aksjefond.

- Start tidleg
I vår arrangerte Nordea eit ope seminar om pensjon. Rundt 50 møtte fram på Bjørnefjorden Gjestetun for å høyra om den nye pensjonsreformen, og nokre av dei hadde god spørsmål med seg.

- Det er ein del som har ei oppfatning av at det er ei samordning mellom offentleg- og privar pensjon, og derfor lurer på om ei god privat spareordning kan gjera at dei miste offentlege goder. Slik er det ikkje, slår Halhjem fast.

Sjølv om det førebels er få som tenker langt fram med spareplanane sine, opplever han at spørsmåla og interessen for pensjonssparing er aukande.

- Kor tid bør folk byrja å spara?

- Det er sjølvsagt best å byrja så tidleg som mogleg, og mindre å setja av per månad om du startar sperplanen i ung alder. Er du 30 år kan for eksempel 1000 kroner per månad utgjera stor forskjell når du ein dag sluttar i arbeidslivet. Startar du når du er 50 år bør du gjerne setja av 5000 kroner i månaden for å få ei grei utbetaling når du går av med pensjon.

Dobling av sparemidlar, liten spareinteresse
I følgje tal frå Statistisk Sentralbyrå er nordmenns sparemidlar fordobla i løpet av dei siste 10 åra. Samstundes viser undersøkinga at 8 av 10 vestlendingar sparar utan plan for tidshorisont, og 7 av 10 har ikkje noko bestemt mål med sparinga. 1 av 10 seier at dei ikkje sparar i det heile tatt.

- Dette er overraskende, når vi veit at eit bevisst forhold til risiko og tidshorisont gjer det mogleg å oppnå ei mykje høgare avkasting enn sparekontoen kan tilby.

Høge forventningar
4 av 10 vestlendingar seier at dei ventar over 5 prosent i årleg avkasting på sparemidlane. Tala viser at vestlendingar er litt meir realistiske enn snittet i Noreg, der forventninga til avkasting er like høg, men viljen til å ta risiko er lågare.

Undersøkinga viser at 4 av 10 vestlendingar som sparar fortel at dei ikkje ønskjer svingningar i verdien på sparemidlene sine, sjølv om det over tid vil gje høgare gevinst.

- For ein som berre sparar på konto så er avkasting over 5 prosent ei høg målsetjing, sjølv med eit meir normalt rentenivå. Mange vil vera tent med å tenka gjennom sine sparemål og vurdera alternative spareformar.

- Ved lengre sparehorisont kan du tåla noko meir risiko og slik venta høgare avkasting, seier Svein Erik Halhjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.