Kultur | 23. nov. 2009

Flott 50-årsfeiring

Med over 100 på scenen og til saman nesten 400 i salen blei det to vellukka showkonsertar for Os og Kuventræ Skulekorps. (Sjå fleire bilde og filmsnutt)

Flott 50-årsfeiring
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. nov. 2009 06:35

Bildeserie:

1 av 6

Os har i år hatt skulekorps i 50 år, først Os Skulekorps frå 1959, så Kuventræ Skulekorps frå 1979 og frå 1993 samla som eitt skulekorps.

Les òg:
50 år med skulekorps

Laurdag og sundag blei jubileet feira med showkonsert med 54 musikarar, band, vokalistar, korjenter og dansarar.

- Det var veldig kjekt for musikarane våre, særleg dei yngre, å få desse flinke banda og vokalistane med. Gina Aspenes og Eirik Strønen Søfteland har vore til stor inspirasjon for medlemmane våre, og ska saman med bandet og dansarane ha ei stor takk, seier styreleiar Solveig Andersland til Midtsiden.no.

Full sal
Konserten byrja med musikk frå 50-talet, og heldt fram med fengjande låtar frå kvart tiår, 18 låtar i alt. Mellom kvar tiårsepoke kom korpsmusikantar fram og fortalte kort og fint om historia til korpset, frå kvar periode.

- Det var fullt begge dagar, vi selte 190 billettar til konserten laurdag og 170 sundag. Saman med musikarane og dansarane fekk dei det heitt desse timane konsertane varte.

Blant låtane på programmet var: Penny Lane (The Beatles), Think (Aretha Franklin), We will rock you (Queen), Blame it on the boogie (Michael Jackson) og I´ll be there for you (The Rembrandts).

Støtte frå skular og kommune
Under konserten laurdag fekk korpset gåvesjekk frå Os kommune, sundag fekk dei pengegåve av Os og Kuventræ skule.

- Ordførar Terje Søviknes overrekte sjekken laurdag, rektor på Os skule Anne Fossberg Fristad kom med flott pengegåve sundag, fortel Solveig.

Til saman fekk korpset 8000 kroner. Dei sette også pris på fine ord, om lag slik var den samla helsinga frå skulane:

«Kjære alle i Os & Kuventræ Skulekorps. Til lukke med 50 års jubileet. Vi er stolte over å ha eit så flott korps! De gjer ein framifrå jobb, både de som spelar og de vaksne som arbeider i kulissane.»

Ikkje ekstranummer
Andersland fortel om mange hjelpsame nevar desse dagane før showkonserten, mange som fortener ei stor takk.

- Vi er veldig glade for all støtte, for at vi klarte å fylla Fjellheim to dagar på rad, med god respons frå publikum og knirkefri gjennomføring frå våre eigne.

Sjølv om det såg ut til å vera meir enn fullt i salen blir det ikkje ekstranummer av den flotte showkonserten.

- Nei, no skal shownotane vekk - vi skal vidare på opning av julesenter og julegate allereie denne veka, seier Solveig.

Deltakarar

Hovudkorps: Eirin Austevoll, Hanna Bakketeig, Sara Behzadzadeh, Anna Andersland Boge, Ida-Marlen Dalaker, Synneve Garlid, Andreas Johannessen, Benjamin Kristiansen, Kristoffer Kristiansen, Ruben Mikal Kristiansen, Jone Finne Kuven, Tiril Kvalvåg, Mariell Flaterås Mikkelsen, Karina Nilsen, Marcus Opstvedt, Sunniva Skurtveit, Åshild Skurtveit, Mina Cicilie Dalland Sundberg, Silje Rebekka Søfteland, Helena Thomassen, Elise Tveit, Kirsten Marie Tveit, Sandra Charlotte Tveit, Margrethe Tveiten, Astrid Elise Valle og Margrete Valle.

Juniorkorps: Erlend Underhaug Berle, Selma Fosså Bunæs, Oda Andersen Lekve, Ragnhild Kristine Midtbø,
Christine J. Moberg, Kim Fredrik Moberg, Torbjørn Marås Moberg, Jenny Malene Sælen og Sara Helene Tveit.

Aspirantkorps: Pål-Gunnar Nordland Andersland, Marie Yvonn Lindborg Bergsvåg, Åshild Underhaug Berle, Martine Katrin Bjelland, Hallvard Tjosås Drønen, Lilly-Mae Grønvigh, Erik Hoflandsdal, Erlend Kanestrøm Holmen, Leah Lekven, Gabrielle Lundekvam, Daniel Lyssand, Laura Elisa Nordvik, Ullr Brage Hermansen Nordvoll, Maren Døskeland Ognøy, Joakim Olsen, Dag Josef Sakseid, Eivind Sætrevik, Andreas Thomassen og Christian Hereide Tysse.

Band og dans: Gina Aspenes (vokal, solist), Eirik Strønen Søfteland (vokal, solist), Leif Herland (bass), Ole Andrè Midtseter (gitar), Kim Eirik Midtseter (piano), Silje Kristin Gangstø (kor), Anette Koldal (kor), Madeleine Midtseter (kor), Patricia Langeland (instruktør, dans) og Nils Midtseter (lyd og lys).

Under kan du sjå bilde frå konserten. Fleire bilde blir lagt ut på Facebook-profilen «Midtsiden No». (Filmsnutten blir seinare erstatta eller supplert med ein lengre video med betre lyd og bilde.)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.