Kultur | 05. feb. 2010

Flott Ole Bull-feiring

I dag er det 200 år sidan Ole Bull blei fødd. På Lysekloster skule blei jubileet markert med stil.

Flott Ole Bull-feiring
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. feb. 2010 15:23

Bildeserie:

1 av 10

Nokre hundre meter frå Ole Bulls villa på Lysøen, staden der Ole Bull døydde 17. august 1880, blei 200-årsjubileet for fødselen hans i dag markert med stil. Lysekloster skule samla alle elevane i musikkrommet, for å høyra om «Noregs første superstjerne», synga bursdagssong og høyra fiolinmusikk.

SJÅ FILM OG FLEIRE BILDE FRÅ FEIRINGA NEDST I ARTIKKELEN

- Dette er samstundes starten på vår markering av jubileumsåret, vi har fleire ting som skjer i løpet av året, seier rektor Ole Lars Strønen.

Som Michael Jackson
Ungane humra då rektoren, som i dag stilte i smoking og hatt, viste kva funksjon splitten i jakken hadde på den tida Ole Bull var ung. Elevane virka like interesserte då han fortale om Ole Bull, og samanlikna han med Michael Jackson.

- Ole Bull var ei superstjerne, og han tente mykje pengar. Men han likte også å bruka pengar, ikkje minst på venane sine. Derfor gjekk det litt opp og ned med han, forklarte Strønen.

Ole Bull-rap
I løpet av året skal elevane ved skulen laga ei framsyning med musikk, dans og teater.

- I første omgang blir denne for foreldra, men kanskje blir det slik at vi leiger eit større lokale og let andre koma og sjå, seier musikklærar Anne-Kristin Naurstad.

- Vi skal legga til rette for at alle elevane skal vera med. Den eine songen skal for eksempel starta med dei yngste, for så å gå over til ein rap-versjon av dei eldste elevane. Vi skal prøva å ta Ole Bull til 2010.

Song og matematikk
Då elevane samla seg i musikkrommet på bursdagen til Ole Bull i dag, starta dei med å gå ein runde rundt ei 1,5 meter lang kake elevane i 3. klasse hadde baka. Så var det bursdagssong og framføring av «I ensomme stunde» av Anna Sofie Naurstad (8).

- Vi har ikkje hatt så mykje om Ole Bull som person, men om musikken hans, seier Anna Sofie, dottera til musikklærar Naurstad og elev ved Bergen kulturskule.

Etter musikkinnslaga blei det servert kake i klasseromma. Elisabeth Nedrelid, lærar for bakarane i 3. klasse, fortel at det ikkje berre gjekk i kokekunst då kaka skulle bakast.

- Vi måtte også passa på at vi hadde nok til alle, så då måtte elevane rekna ut kor stor kaka måtte vera og kor mange langpanner som måtte steikast før vi sette den saman. Resultatet blei seks, men det såg så lite ut at vi lagde åtte panner, fortel Elisabeth.

Under bildeserien kan du sjå film frå feiringa. Foto: Varde Film og Media.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.