Lokal | 26. apr. 2010

Følgekjøring og fyllekjøring

I helga blei det avslørt drikking på offentleg stad og ulike typar uvettig kjøring.

Følgekjøring og fyllekjøring
Gjestmandag 26. apr. 2010 10:07

Politiet fikk inn ei klage på uvettig kjøring i samband med sykkelritt laurdag ettermiddag.

Det skal ha vore ein av følgebilane som ikkje kjørde heilt i samsvar med meldars oppfatning av forsvarleg kjøring, men patruljen til politiet var ikkje ute for å sjekka.

Drikking på offentleg stad
I firetida natt til sundag kom patrulja over ein person som drakk i sentrum.

- Vedkommande blei meldt og kan venta seg eit forelegg, fortel lensmann Rasmus Dalen.

Rusa på ferja
Sundag formiddag fekk politiet melding om ein mogleg rusa bilførar på ferja frå Venjaneset.

- Føraren vart stoppa og tatt med til utvida blodprøve. Det er ikkje trekt nokon konklusjon, men det er antyda at det var ei blandingsrus. Førarkortet blei beslaglagt, seier Dalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.