Lokal | 31. okt. 2012

– Folk byrjar å forstå alvoret

Aksjonsgruppa mot fjordkryssing med bru håpte det skulle koma nok deltakarar til ein lite komité. Så blei ungdomshuset i Øyane fylt med kamplystne bru-motstandarar.

– Folk byrjar å forstå alvoret
Cato Bruarøy, Knut Ivar Børgesen, Geir Magne Johnsen og Vibeke Harild har tatt initiativ til aksjonsgruppe mot bru over Bjørnefjorden og firefeltsveg over Øyane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 31. okt. 2012 21:39

– Dette var heilt strålande! Vi inviterte dei som ville bidra i styret i aksjonshruppe og så kjem det 50 personar, seier Geir Magne Johnsen.

– Og då vi på slutten av møtet spørte om dei som ville bidra kunne legga igjen namn og nummer så skreiv alle seg opp på lista.

– Øydelegger det finaste med Os

Fire innbyggarar i Søre Øyane, Cato Bruarøy, Knut Ivar Børgesen, Geir Magne Johnsen og Vibeke Harild, har tatt initiativ til å danna ei aksjonsgruppe mot bru frå Reksteren til Os.

Les òg: Startar aksjonsgruppe mot bru

– Uansett kvar ei sånn bru kjem, om det blir til Søre Øyane, der den i dag er skissa inn, eller til Halhjem eller Bjørnen, så vi brua med firefelst motorveg, øydelegga store delar av det finaste vi har i Os; skjergarden, meiner Johnsen.

– Så det er ikkje ein diskusjon om landingspunkt?

– Nei. Det er berre til å sjå på kart og sjøkart, og merka seg kva vegvesenet seier; dei ser etter fluer, skjer og holmar å festa brua i. Ei eventuell bru mellom Reksteren og Os kjem til å gå via Røtingaflua, Gulholmane og anten Øyane eller innover mot Halhjem.

– Og den enorme brua blir øydeleggande også om den er 100 meter frå land - vi er samstemte i å jobba mot bru.

Veit ikkje - trur ikkje

Medan ordførar Terje Søviknes seier han går for midtre trasé, altså bru frå Reksteren til Os, for å kopla Os direkte på "Gullaksen", er det fleire politikarar, blant anna Høgre, som seier dei synes det er for tidleg å ta standpunkt, dei treng meir informasjon først.

– I mellomtida seier vegvesenet at avgjerd om trasé truleg blir tatt i vinter. Politikarane i Os sit og ventar på informasjon medan avgjerda blir tatt, i tillegg har dei ikkje gjort éin ting for å dempa den uroa mange sit med, seier Cato Bruarøy.

– Mitt inntrykk er at mange innbyggarar ikkje er klar over alvoret og mange andre trur ikkje dette blir ein realitet, legg han til.

Johnsen seier fleire han har snakka med, blant anna ungdomar, tidleg slo seg til ro med at "brua skulle byggast på ein måte som skapte minst mogleg konflikt".

– Å gå for bru over Bjørnefjorden for du trur at brua skal stupa i sjøen midt i fjorden og gå vidare i tunnel frå Øyane til Lekven, når alle veit at dette blir mykje dyrare enn å setja brua på stolpar - då er du jaggu villig til å oversjå mykje risiko.

– Og vi veit kva vegvesenet meiner om konfliktnivå. Det er kulturminne, vegetasjon og dyreartar éin kilometer på kvar side av vegen. Nokre gravhaugar var blant årsakene til at alternativet over Austevoll blei utelukka. Folk og friluftsområde betyr mindre når det skal byggast europaveg, då durar dei på, skyter Knut Ivar Børgesen inn.

Samler seg for slagkraftig innsats

Etter møtet tysdag, der det i hovudsak møtte folk frå Øyane, Halhjem og nokre hyttefolk, vil aksjonsgruppa no trappa opp eit målretta arbeid mot bru over Bjørnefjorden.

– Det møtte mange ressurssterke folk på møtet og no kjem vi til å jobba parallelt med fleire oppgåver.

– Det finnest mykje informasjon, denne vil vi samla og få den ut til folk i Os, seier Vibeke Harild.

– Eg er sjølv innflyttar i Os og skjergarden er noko av det eg set mest pris på. Mange vel å bu i Os og i Øyane, sjølv om dei må pendla til Bergen til jobb kvar dag. Kvifor? Fordi dette er ein fin plass å bu. Det må vi ta vare på.

– "Du køddar ikkje med Kobbavågen" var det nokon som sa på møtet. Men vi med mange meiner det same, i utvida form, du kjem ikkje til Os og bygger veg over den finaste skjergarden vår. Vi vil ha osingar, politikarar, vegvesenet og rikspolitikarar til å forstå at bru mellom Reksteren og Os ikkje er eit alternativ om dei vil fergefritt frå Stord til Bergen, seier Geir Magne Johnsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.