Lokal | 09. juni 2010

- Folk tar sjansar!

Er fjorden full av tullingar? spør ein Midtsiden-lesar.

- Folk tar sjansar!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. juni 2010 10:13

Øystein Tombre Larsen har lest om mannen som kjørte på land på Sundøy sundag, men seier dette ikkje var den einaste rare båtkjøringa på fjorden denne dagen.

- På veg til Halhjem med ferje kryssa ein større båt rett framfor baugen på ferja, fortel Larsen, som også tok bilde av båten.

Vanleg problem
Hos Fjord1 fortel dei at dette dessverre er eit vanleg problem.

- Kanskje dei trur at vi har lågare fart enn vi har, sidan ferjene er store, men vanlegvis held vi ein fart på 18-20 knop, seier kaptein på Fanafjord, Pål Eriksen.

- Enkelte er kanskje ikkje klar over at fritidsbåtar har vikeplikt for nyttetrafikk. Dessutan ville det vore vanskeleg for oss å svinga unna all båttrafikk frå høgre med den storleiken vi har.

Ingen er meldt
Sjølv om problemet med båtar som kryssar nær ferja er ganske vanleg, har Fjord1 til no ikkje meldt nokre båtførarar til politiet.

- Ikkje så vidt eg kjenner til, i alle fall, seier Eriksen.

For to år sidan fekk ein daycruisar motorstopp midt i innfartsåra til Halhjem. Den blei liggande i vegen for ferjene i rundt ein time før nokon kom i taua den til land.

Hadde dette skjedd medan båten kjørte tett på ei ferje kunne den fått ein samanstøyt med alvorlege konsekvensar.

- Vi har heldigvis heller ikkje hatt ulykker. Det er mange flinke båtførarar på fjorden, men også ein del som kan skjerpa seg og vera meir varsame rundt ferjene.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.