Lokal | 20. aug. 2019

Folkevekst i både Fusa og Os

Folketalet auka i Fusa for første gong sidan slutten av 2017. Også Os har vekst, til no i år er den høgare enni 2018.

Folkevekst i både Fusa og Os
Hatvik: Mange pendlar til Fusa for å jobba, men førre kvartal hadde kommunen også vekst i folketalet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. aug. 2019 09:26

I dag publiserte SSB.no statistikk på folketal frå 2. kvartal 2019.

Det budde 9.105 fleire i Noreg 30. juni samanlikna med 31. mars etter 14.246 fødde og 10.641 innvandringar førre kvartal. 9.842 døde, 5.937 vandra ut av landet.

Ved utgangen av 2. kvartal var folketalet i Noreg 5.345.599 innbyggarar.

I første halvår auka folketalet med 17.400, men berre 208 av landets 422 kommunar tok del i auken. Folketalet gjekk nemleg ned i 201 kommunar i same periode, og sto i ro i andre kommunar, skriv SSB i dag.

20 + 44 i Fusa og Os

Folketalet i Fusa, som Os slår seg saman med til Bjørnafjorden kommune 1. januar 2020, auka frå 3.841 til 3.861 førre kvartal, opp med 20.

Nedgangen første kvartal var 20, dermed hadde Fusa like mange innbyggarar 30. juni som 1. januar i år, og er ein av dei kommunane som verken har hatt vekst eller auke til no i år.

I dei fire kvartala i fjor gjekk folketalet ned med 9, 18, 15 og 17, mens folkeveksta førre kvartal er det største sidan veksta på 30 i 4. kvartal 2015.

Os gjekk opp med 44 innbyggarar, mot 70 førre kvartal og 53 i tilsvarande kvartal i fjor. Ei vekst på 114 til no i år er høgare enn same periode i fjor, då folketaletgjekk opp med 103 første halvår. Tredje kvartal åleine var veksta heile 105 innbyggarar.

Ser vi på 2. kvartal åleine kjem folkeveksta frå følgjande tal(Os):

Innflytting, innanlands 199
Fødde 44
Innvandra 22

Utflytting 172
Utvandring 29
Døde 20

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.