– Føltes som eit tap
Ei omdiskutert straffe i mot gav Os "berre" 1-1 mot Tertnes. – Dei skaper ikkje ei sjanse, medan vi stanger og stanger mot Tertnes-forsvaret, oppsummerer Ørjan Håland.
Os skulle reise kjerringa etter eit surt tap mot Vestsiden-Askøy førre helg. Slik gjekk det berre delvis.
– Det føles som eit tap, samstundes som det var eit viktig poeng for gutane, seier assistenttrenar Ørjan Håland.
– Vi eier banespelet i 90 minutt men stanger og stanger mot Tertnes-forsvaret hele kampen. I staden tek dei leiinga 1-0 etter ei omdiskutert straffe.
– Den kjem etter eit innlegg som Andrew Todd plukkar enkelt. Samstundes snublar Torkel Hjertnes og Tertnes-spissen i kvar andre sine føter og dommaren peiker på straffemerket, forklarar Håland.
Straffa set Erik Nilsen i mål for Tertnes.
Lekker kombinasjon
Utlikninga kjem etter 73 minutt. Knut Spanglo Haga legg følsomt inn til Emil Halvér. Halvér skaffar seg rom og set ballen i mål.
– Det er ein liten tett duell mellom Emil og ein Tertnes-forsvarar. Emil vender opp og banker ballen utagbart bak Tertnes-keeperen, seier Håland.
Slurver for mykje
Sjølv om Håland er nøgd med at dei har mykje av kontrollen og banespelet er det ting han ser dei klart må rette opp i.
– Vi slurver for mykje på den siste tredjedelen i angrep. Heile gjengen blir for forsiktige. Det er juniorfeil som vi må plukke av oss. Samstundes skal vi vera glade for det eine poenget vi plukka, oppsummerer assistent-trenaren.
Tertnes - Os 1-1 (1-0)
Desse starta for Os: Andrew Todd, Endre Brenne, Torkel Hjertnes, Knut Spanglo haga, Glenn Krossøy, Torgeir Lunde, Marius Mikkelsen, Øystein Takle Eide, Christoffer Havsås, Eirik Kanestrøm, Stian Lunde
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.