Kultur | 14. juni 2015

Fonos + MixMaster Cru = show til tusen!

VIDEO: Forventinga var stor både blant publikum og arrangørane til fusjonen mellom dansegruppa MixMaster Cru og koret Fonos.

Kari M. Lyssandsøndag 14. juni 2015 10:56

Eit hipt dansecrew og eit stort blandakor er kanskje ikkje det første du tenker på som naturleg å slå saman til eitt show. Laurdag viste Os-koret og dansarane frå Bergen at det kan funka som ei kula.

Publikum fekk sjå eit heilaftens show der songen forsterka dansen og visa versa, og profesjonelle lys- og videoeffektar var med og sette tonen. At koreografane frå MixMaster Cru har hatt ein plan bak kvar låt var tydeleg, og publikum blei med på ei reise med ein raud tråd, med ein bodskap om å ta vare på kvarandre.

Låtar som Michael Jacksons «Heal the world», Imagine Dragons' «Radioactive» og Otis Reddings «Sittin' on the dock of the bay» blei framført på scenen mens dansarane formidla sin historie gjennom ulike dansestilar.

Nummeret med låta til Evanescence - «Bring me to life» - var eit av høgdepunkta, der song, dans, lyseffektar (og litt magi) smelta saman til eitt.

Sjølv om hovudbodskapen til framsyninga er av den alvorlege sorten så viste og gutane at dei også er ein gjeng med mykje humor, noko dei blant anna fekk vist då dei dansa utkledd som jungeldyr og Tarzan.

– Gøy utfordring

Det var to slitne, men lykkelege, artistar som blei overausa med gratulasjonar etter showet. Både dirigent for Fonos, Stine Kobbeltvedt, og MixMaster Cru-medlem og koreograf Henrik Nordin syntest showet var vellukka.

– Det gjekk ikkje så bra på generalprøven, men det er jo sånn det skal vera.

Nordin og gutane i MixMaster Cru har brukt mykje tid på å setta saman koregrafien til showet.

– Vi har hatt ein plan og ei meining bak kvar låt og har jobba sinnsjukt mykje for å få dette til.

– Det kunne ha endt i ei «disaster», men vi syntest det var ei gøy utfordring og det gjekk jo kjempebra!

Klar for dag 2

Fonos sine sommarshow plar vera populære, og denne gong var framsyninga omtrent utselt i april. Difor valde dei å setta opp eit ekstrashow sundag, og det har vist seg at det ikkje er noko problem for gjengen å fylla Oseana to dagar på rad.

Til no er nesten 330 billettar selt til sundagens ekstrashow, det berre rundt 150 billettar igjen. Nærmare tusen publikum kjem til å sjå Fonos og Mixmaster Cru denne helga.

– Eg er så glad for at vi valde å setta opp ei ekstraframsyning, det hadde vore dumt om vi no var ferdig etter berre ei framsyning, sa dirigenten før ho måtte tilbake for å ta imot gratulasjonar frå nøgde publikummarar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.