Politikk | 28. juli 2021

For godt til å vera sant? Styrkt landstraum i Os hamn

Ordførar måtte spørja to gongar då forslaget kom på bordet.

For godt til å vera sant? Styrkt landstraum i Os hamn
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. juli 2021 11:14

I midten av juni blei forslaget stilt i politisk kvarter i utvalet Liv i Bjørnafjorden, i førre veke kom skapet på plass.

– Vi hadde 400 volt frå før, men har auka frå 4 x 50 ampere til 4 x 160 ampere, fortel Torunn Paus på teknisk eining.

– Før hadde vi 32 ampere uttak, no har vi 125 ampere, forklarer hamnesjef Gitle Smaadal frå Bjørnafjorden brann og redning.

Førre skap (bildet) hadde uttak på 32 ampere og 400 volt, no har det auka til 125 ampere. (Foto: KVB)
Førre skap (bildet) hadde uttak på 32 ampere og 400 volt, no har det auka til 125 ampere. (Foto: KVB)

32 ampere var nok til dei små arbeidsbåtane frå oppdrettbransjen, mens sandbåtar og asfaltbåtar, som av og til ligg over natta, krev gjerne rundt 80 ampere.

Desse har lagt på aggregat når dei har overnatta, støyen har vore til sjenanse for nokre av naboane.

Det kjem også ei betalingsløysing på det nye skapet.

Oseana meldte behov via styremedlem Bahus

Installasjonen kosta 100.000 kroner. Prosjektet blei finansiert av utvalet Liv i Bjørnafjorden.

Forslaget kom frå representant Gustav Bahus (Frp), som kjente til behovet via si rolle som styremedlem i Oseana KF.

– Oseana ønskjer å bruka MS Sunnhordland til hotellbåt i samband med eit arrangement i haust, men vi har ikkje nok landstraum.

– Administrasjonen i kommunen har innhenta pris, og dette er ei permanent løysing, noko vi kan ha nytte av seinare. Støy frå aggregat har enkelte netter vore ei utfording, med denne installasjonen blir også dette problemet fjerna, sa Bahus.

Gustav Bahus (Frp). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gustav Bahus (Frp). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Bør vi heller venta på noko større?

Ordførar Trine Lindborg (Ap) kommenterte at kommunen saman med BKK jobbar med eit større prosjekt om ladestasjonar for elbåtar, og ba næringssejf Jon Sivert Rykkel informera om dette mindre landstarumsprosjektet.

Den nye passasjerferja «Ole Bull» kom til Os hamn fredag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògGrønn led: Tok Bergen-Os i elbåten «Ole Bull»

– Denne installasjonen er til eit arrangement, men den blir permanent og gir næringskaien og Os hamn eit løft. Dagens kapasitet er noko liten, sa Rykkel.

Mikal Leigland (Sp) sa han ikkje ville vore med på dette, om det berre var eit enkelt arrangement, men at han var positiv då det var noko som gav eit varig løft.

Ordførar ville forsikra seg om at dette var eit supplement til det som eventuelt skjer i framtida, med lading av elbåt.

Ordførar Trine Lindborg ville sikra at dette ikkje sto i vegen for dei større el-planane i hamna. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ordførar Trine Lindborg ville sikra at dette ikkje sto i vegen for dei større el-planane i hamna. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Rykkel viste til Torunn Paus i teknisk eining.

– Ladestasjon for elbåt er langt fram i tid, og eit prosjekt som vil kosta fleire millionar kroner.

– Dette er 100.000 kroner til noko som både løyser ei sak for Oseana, ei konfliktsak med støy og gir hamna eit løft. Leveringstid er cirka fire veker.

Alle sin idé

– Eg er positiv, men dette bør ikkje bli normalen, at saker som denne kjem i politisk kvarter, det er ikkje der vi skal løyva pengar, sa Lindborg.

Leigland spurde om, sidan Bahus hadde informasjon andre ikkje sat på, dette kunne protokollførast som eit fellesforslag.

– Viss det er det som skal til for at vi får dette til, så bryr ikkje eg meg om kva vi skriv om kven som kom med forslaget, sa Bahus.

Framlegget blei samrøystes vedtatt.

Elbåtfestivalen Oseana har plan om er først neste år. Det første behovet for auka straumstyrke er til hotellbåt er under ei operaframsyning i august.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.