Førarkortbeslag etter MC-velt
Alkometer gav utslag etter uhell på Fanafjellsvegen.

Torsdag i 20.15-tida fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Fanafjellsvegen.
– Uhellet skjedde i 80-sona litt etter Nordvik skule retning frå Os mot Fana, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.
Ein motorsykkel hadde velta, truleg fordi førar hadde fått det eine hjulet borti ein murkant.
– Alkometer gav utslag og viste 1,03 i promille. Vedkomande blei tatt med til legevakt for sjekk.
MC-førar er ein mann i 50-åra frå Bergen kommune. Han samtykka i førarkortbeslag.
Støy frå fest i Øyane
Det var utandørskonsert i samband med Øyafest i går. Konserten varte frå klokka 20 til 22, og hadde over 400 publikummarar. Nokre av desse heldt fram festen, som var ei oppvarming til dagens festival.
I 23.30-tida torsdag kveld fekk politiet klage på støy frå ein bustad i Øyane.
– Ein høgttalar sto ute på ein veranda, og lydnivået skal ha vore svært høgt.
Huseigar, ein mann i 40-åra, fekk pålegg om å dempa musikken, noko han etterkom.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.