Politi | 30. okt. 2021

MC-førar mistenkt for promillekøyring

I tillegg rykte politiet ut på melding om eldre mann midt i vegen - og pinnsvin under bil.

Politiet stoppa ein MC-førar på Lepsøyvegen i natt. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 30. okt. 2021 06:52

I 02-tida natt til laurdag blei ein motorsyklist stoppa av politiet på Lepsøyvegen.

– MC-førar er mistenkt for promillekøyring. Det er tatt førarkortbeslag og oppretta sak, opplyse vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Fredag i 23-tida fekk politiet melding om ein eldre mann som gjekk i vegbanen på Halhjem.

Patruljen rykte ut, men fann ingen.

Tidlegare på kvelden, i 20-tida, blei politiet kontakta om eit pinnsvin som hadde hamna under ein bil. Pinnsvinet var ikkje påkøyrd, men innringar var redd for å skada dyret.

Viltkontakt blei varsla for å hjelpa til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.