Politi | 04. okt. 2021

Førarkortbeslag etter utforkøyring i Langedalen

Ei ung jente mista lappen etter ein tur i grøfta. Ein annan køyrde i «minst 200 km/t» på Halhjemsvegen.

Førarkortbeslag etter utforkøyring i Langedalen
Ein bil hamna i grøfta i Langedalen fredag kveld. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. okt. 2021 07:51

Fredag klokka 22.51 fekk politiet melding om utforkøyring i Langedalen, nær Lyseklostervegen.

– Det var tre personar i bilen, ei jente bak rattet og to venninner. Ingen personar var skadd, men bilførar blei oppmoda å oppsøka legevakt for sjekk, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Bilen hadde køyrd i eit skilt på veg i grøfta, og var ikkje køyrbar etter uhellet. Politiet tok beslag i det ferske førarkortet til 18-åringen, og det blei samtykka i beslag.

«Køyrde i minst 200!»

Laurdag ettermiddag fekk politiet melding om råkøyring på E39 Halhjemsvegen.

– Ein bilist som kom køyrande mellom Lekven og Lepsøykrysset møtte klokka 16.50 ein bil som ifølgje meldar køyrde i minst 200 km/t.

– Meldar meiner ho kjenner igjen bilførar, som er ein mann i midten av 20-åra frå Os. Vi vil følgja opp saka.

To fartsbøter natt til søndag

Klokka 02.20 hadde politiet fartskontroll med laser på Lyseklostervegen.

To bilistar fekk forelegg i ei 50-sone.

Høgaste fart blei målt til 68 km/t, noko som fører til eit forelegg på 5.850 kroner og tre prikkar på førarkortet.

Lastebil tok straum- og internettkabel

I 17-tida søndag blei politiet varsla om ein lastebil som tok oppi og reiv ned ein straumkabel og ein nettkabel i Lyseklostervegen.

– Lastebilen køyrde visst berre vidare, sjåføren har kanskje ikkje oppdaga at han tok oppi, seier Lyssand.

BKK var på staden og fiksa straumkabelen, det er uvisst om Telenor også har fått sin kabel erstatta.

Hjort og rev påkøyrd

Klokka 06 laurdag morgon fekk politiet melding om ein påkøyrd hjort på Bogstrandvegen.

Hjorten skal ha løpt inn i sida på ein bil. Ingen personar blei skadd, og viltkontakt er varsla for søk etter hjorten.

Måndag klokka 08.20 fekk politiet melding om at det låg ein død rev langs Ulvenvegen, mellom Ulven leir og flystripa.

Fjerna bil frå Gymnasvegen

Søndag i 18.20-tida blei ein bil taua vekk frå Gymnasvegen.

Det er uvisst kven som eig bilen, og grunneigar har fått begjæring om borttauing.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.