Politi | 01. okt. 2021

Rusa par og raske bilistar

Politiet delte i går ut to fartsbøter og leitte etter mann og dame på litt for god ettermiddagsbris.

Rusa par og raske bilistar
Os terminal. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. okt. 2021 07:43

Torsdag klokka 16.24 fekk politiet melding om ein mann og ei dame som framsto som svært rusa i Os sentrum.

– På bussterminalen skal dei ha prøvd så selja eitt eller anna. Det var ikkje snakk om narkotika, men nokre ting. Ein bussjåfør gav dei tilsnakk, og då dei gjekk mot Esso såg kvinna knapt ut til å klara å føta seg, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Ein patrulje køyrde ut for å sjå etter dei, men då var dei vekke.

Natt til fredag hadde politiet fartskontroll to stadar.

I 00.50-tida stoppa dei ein bil på Hatvikvegen. Den var målt til 64 km/t i 50-sona.

Bilførar, ei kvinne i starten på 20-åra, fekk eit forelegg på 4.050 kroner og to prikkar på førarkortet. Det står ikkje notert om ho framleis er i prøvetida, i så fall er det fire prikkar.

I 02.30-tida stoppa politiet ein bil på Byvegen. Den var målt til 76 km/t i 60-sona.

Bilførar, ein mann i midten av 20-åra, fekk eit forelegg på 5.850 kroner og tre prikkar på førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.