Lokal | 30. apr. 2019

Førarkortbeslag i samband med mc-ulykka i Industrivegen

– Det var fleire køyretøy involvert i ulykka, fortel politiet.

Førarkortbeslag i samband med mc-ulykka i Industrivegen
Ein lyktestolpe blei knekt då motorsykkelen og mc-førar hamna utfor vegen. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. apr. 2019 13:12

Helsetilstanden til motosyklisten som blei skadd i ulykka i Industrivegen på kvelden skjærtorsdag 18. april er framleis ukjent. Det blir truleg ikkje gjeve informasjon om denne til pressen seinare heller.

– Vi forstår at det er mange som lurer, og at det er mange som bryr seg. Men av omsyn til pårørande og mc-føraren sjølv blir det ikkje informert om skadeomfang anna enn at det var ei alvorleg ulykke med alvorleg skade, seier etterforskingsleiar Sven Erik Midthjell til Midtsiden.

• Les òg: Etterforskinga av mc-ulykka held fram

– Kva veit politiet om årsaka til ulykka?

– Det er veldig avgrensa kva vi kan gå ut med til no. Vi ventar framleis på svar frå fleire undersøkingar gjennomført av krimteknisk og av ulykkeskommisjonen hos Statens vegvesen.

Fleire køyretøy involvert

Dei første meldingane frå politiet fortalte om singelulykke, men fleire tips Midtsiden har fått ulykkeskvelden, og seinare, handlar om samanstøyt med bil før motorsykkelen, føraren eller begge hamna i grøfta og knekte ein lyktestolpe.

– Det stemmer med informasjonen vi har fått inn. Det var fleire køyretøy involvert, og det skal ha vore ein samanstøyt mellom motorsykkelen og éin av bilane, seier Midthjell.

Han fortel at det òg er tatt midlertidig beslag i førarkortet til vedkomande bilførar.

Begge er menn frå Os. MC-førar er i starten på 20-åra, bilisten er nokre år yngre.

Kan bli fleire avhøyr

– Er det gjennomført avhøyr av alle involverte, og eventuelle fotgjengarar som var vitne?

– Ja, med unntak av MC-føraren.

– Men det kan bli aktuelt med fleire avhøyr av nokre av dei involverte.

Habilitet

Årsaka til at etterforskinga blir gjennomført av politiet på Sotra skal ha med habilitet å gjera. Politiet ønskjer ei nøytral etterforsking.

– Kva er det med habiliteten som er problematisk for Os lensmannskontor?

– Ein av dei tilsette ved Os lensmannskontor er i slekt med ein av dei impliserte i ulykka, forklarer Midthjell.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.