Lokal | 11. sep. 2009

Førebudd på Løvebakken

Måndag kan Laila Reiertsen bli den første osingen på Stortinget på 28 år. Ifølgje meiningsmålingar er det så jamt at osingane sine stemmer kan avgjera.

Førebudd på Løvebakken
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. sep. 2009 13:05

Bildeserie:

1 av 2

- Den eine dagen har eg hatt 7 stemmer å gå på, den andre dagen har eg vore 54 stemmer frå plass på tinget, seier Laila Reiertsen.

Ho er 4. kandidat for Frp Hordaland. Etter valet i 2005, då Frp fekk 22,1 % (+7,4% frå 2001) av stemmene, fekk partiet tre kandidatar frå Hordaland på stortinget. Til saman har stortinget som kjent til saman 169 representantar.

For at Reiertsen skal få plass på tinget må altså Framstegspartiet gjera eit betre val måndag enn i 2005.

Helse først
Laila er sjukepleiar, og i politikken har helse og omsorg vore største interessefelt. Ho sit frå før i kommunestyret og formannskapet i Os, og ho er leiar for personalutvalet i heimkommunen. I tillegg er ho vararepresentant i kultur- og ressursutvalet i Hordaland fylkeskommune.

- Om eg får plass på stortinget kjem eg likevel til å halda på desse verva, og prøva å stilla på så mange møter heime som eg kan. Å halda kontakt med det politiske livet i Os og i Hordaland betyr mykje for meg.

Hamnar ho på Stortinget har ho sett helse- og omsorgskomiteen øverst på ønskelista.

- Eg bryr meg om mykje anna, som samferdsle og kommunalpolitikk, men det er dette som er faget mitt og det er her eg trur eg har mest å koma med.

Meir ansvarleg drift
Framstegspartiet vil privatisera sjukehusdrift og eldreomsorg. Reiertsen er sjølv leiar for eit opptreningssenter som er i privat eige.

- Når eg ser pengebruken ved ein del sjukehus og institusjonar, som anten leiger konsulentar for 700 millionar kroner eller ikkje tar seg bryet med å senda oppdrag ut på anbod, og derfor betalar over 300 prosent meir enn kva andre kunne gjort jobben for, då lurer eg på kva leiing dei har.

- Eg kan i alle fall ikkje bruka meir pengar enn det eg har.

- Helsepolitikk er noko mange får kjenna på kroppen, også osingar. Fedre som blir kasta ut frå klinikken tre timar etter at babyen har kome, fordi vi enno ikkje har fått ein ny kvinneklinikk. Nokre gongar kjem det ikkje nok midlar til rett stad, andre gongar blir ikkje midlane brukt riktig, meiner ho.

Med drift av privat selskap meiner ho at stat eller kommune får i både pose og sekk, nokon som blir nødt til å ta ansvar og nokon som leverer til ein bestemt pris.

- Hadde eg vore helseminister så hadde eg reist frå kommune til kommune for å sjekka forholda, kvar er behovet og korleis blir personalet brukt. Staten kan pøsa på med pengar, men ofte er det nok ei omfattande omorganisering som må til, trur Laila.

Førebudd på pendling
Om det skulle bli siger og plass på tinget etter valet måndag, er det nok med blanda kjenslar for kandidaten frå Os. Med stor familie heime blir det mange å sakna.

- Det å flytta frå familien min i vekedagane blir vanskeleg, men vi har førebudd oss på det. Våre to yngste går framleis på barneskulen, i tillegg har vi tre barnebarn. Men mannen min er flink i heimen, og har sagt ifrå på jobben hos Frank Mohn at han vil sitja på kontor, ikkje reisa på serviceoppdrag, om eg flyttar til Oslo.

- Så får vi satsa på at huset er sleikt når eg kjem heim i helgene, så vi kan nyta fridagane saman, seier Laila med eit lurt smil.

Fin innspurt
Laila fortel om ein hektisk valkamp. 10. august byrja ho i stillinga som leiar for Ravneberghaugen, men ho har sjeldan tatt fri frå jobb.

- Jobben på Ravneberghaugen engasjerer meg veldig, og eg har mange idear og tankar om korleis vi bør utvikla opptreningssenteret vidare, seier Laila.

- Enkelte andre representantar eg har snakka med, frå andre parti, har sagt "tenk om eg skulle hatt jobb utanom". For min del har det gått greit, men det har blitt lange dagar.

I valkampen har ho vore både i Fusa, Etne, på Stord og i Bergen. Dei siste dagane før valet held ho seg i Os, på stand fredag og laurdag. Sundag blir det bursdagsmiddag for mor, og då kjem kanskje hennar tredje barnebarn, som blei fødd tidlegare denne veka, på besøk.

- Sundag tar eg det med ro med familien, måndag skal eg til NRK Hordaland på kvelden og vidare på valvake i Bergen, fortel kandidaten frå Os.




Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.