Kultur | 28. aug. 2018

Forfattar og kokk til Os for å snakka om hage

Anders Totland fekk hus med hage. Alt som vaks i hagen, som ikkje kunne etast, skulle vekk.

Forfattar og kokk til Os for å snakka om hage
Anders Totland. (Pressebilde, foto: Per Egil Larsen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. aug. 2018 11:56

«Frå hage til mage» er tema når Anders Totland kjem til Os for å halda foredrag.

Os Hagelag er vertsskap, og har invitert journalisten, forfattaren og kokken Totland til foredrag i Tunet i Os sentrum.

Blogg og bok

Då Anders Totland flytta inn i hus med hage sommaren 2011, saman med familien, blei det eit prosjekt: Alt som vaks i hagen, som ikkje kunne etast, skulle vekk.

I staden fekk han inn nye frukttre og bærbuskar, og store deler av hagen blei gjort om til kjøkenhage, med urter og grønsaker og anna godt som kan etast.

Prosjektet blei dokumentert på bloggen «Frå hage til mage», som også er utgangspunktet for foredraget med same namn – der den prisløna forfattaren og journalisten òg snakkar om kokeboka «Digg - gjer kvardagen til ein fest», som kom ut hausten 2017.

Debuterte i 2017

Anders Totland (31) er oppvaksen på Bømlo og har fått fleire prisar for god journalistikk i lokalavisa Sunnhordland.

Han debuterte som forfattar med barneboka «Vampyrane i Eplehagen» på Kapabel Forlag i 2015.

Våren 2016 kom ungdomsboka «Engel i snøen» på Gyldendal Norsk Forlag, som han vann Nynorsk barnelitteraturpris for.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.