Næringsliv | 03. mars 2013

Første helg på eige kjøkken

Ole B-stuene er overtatt av Brekke og Bruarøy. I dag er dei spent på søndagsbuffeten, til helga byr dei på ny 9-rettars meny.

Første helg på eige kjøkken
Lukasz og Frank i full sving i nymøblert disk ved kjøkkenet på Ole B. 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. mars 2013 08:31

– Vi har brukt dei siste dagane før overtaking, og denne første helga, til å bli betre kjent med både dei tilsette og med kjøkkenet og rutinane i restauranten, seier Lukasz Brekke.

Les òg: Lukasz og Frank overtar Ole B

– Og det har vore nokre fine dagar, med mange på raspeballar torsdag, dåp laurdag og fleire innom på a la carte fredag og laurdag kveld, skyter Frank Bruarøy inn.

Held på det som er innarbeidd

Ole B-stuene er frå før godt etablert, og dei nye eigarane vil halda på det beste ved plassen.

– Førre helg var det 90 gjestar på søndagsbuffet, no er vi spent på besøket på vår første søndag i Ole B.

– Vi held på raspeballane om torsdagen og den gode søndagsbuffeten, seier Lukasz, medan ein av kokkane som jobbar der frå før spør på vegne av ein kunde på telefonen om dei kan laga pizza.

– "Ja, vi kan laga pizza", svarar Brekke, som blant anna har NM-deltaking og fartstid på Noma i Købehavn bak seg.

Høgt nivå på kveldstid

Det er fredag- og laurdagkveldane Lukasz og hobbykokk-kompanjongen Frank vil henta fram dei mest kunstneriske sidene sine.

– Konseptet "Det naturlige kjøkken", med gourmetmat av kortreiste råvarer, kjører vi i starten berre fredag og laurdag kveld.

– No har vi sett opp ein ny meny med 3-, 5- og 9-rettar. Men vi har òg a la carte, for dei som vil innom og ha ein rett eller to.

– Så er vi spent om vi får inn dette med bordbestilling. Vi tar imot drop-in-gjestar, men set pris på førehandsbooking, spesielt av dei som vil ha 5- og 9-rettar, og kanskje er kresen på kvar dei vil sitja.

Lett ommøblering

Midtsiden var innom laurdag ettermiddag, og det er allereie eit par synlege endringar i restauranten.

– Vi har bygd ein liten serveringsdisk med direkte utgang frå kjøkkenet, i kroken bortanfor baren, seier Frank.

– Det er praktisk frå oss og gå direkte ut til gjestane. Opninga var der frå før, men har ikkje vore brukt på denne måten.

Delar av innreiinga ser også ny ut.

– Vi har tatt ned nokre av dei fine møblane frå andreetasjen og sett borda litt annleis.

– og ein liten bursdagsfest

Til søndag er det allerie fleire bookingar til buffeten, laurdag kveld hadde dei to "stamgjestar" på middag.

– Det var veldig kjekt å ta imot Susan og Henrik Askvik, som var fleire gongar innom hos oss då vi var på Engeline, og som i kveld valte å feira Henrik sin bursdag med middag frå Det naturlige kjøkken, seier Lukasz og Frank dagen etter overtaking.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.