Sport | 17. mars 2019

Første sigersdans sidan 20. oktober

Nedrykk er nok ikkje til å unngå, men Os-damene viste at dei vil avslutta sesongen med stil.

Første sigersdans sidan 20. oktober
Det er lenge sidan sist, men jentene har ikkje gløymd sigersdansen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 17. mars 2019 08:46

Bildeserie:

God strek x2: Stine Eide og Mia T. Nielsen (bildet) skåra fem mål kvar. (Foto: KVB)
God strek x2: Stine Eide og Mia T. Nielsen (bildet) skåra fem mål kvar. (Foto: KVB)
Regine Sten skåra 3, her blir det 30-27. (Foto: KVB)
Regine Sten skåra 3, her blir det 30-27. (Foto: KVB)
Anna Mjånes skåra 6 mål. (Foto: KVB)
Anna Mjånes skåra 6 mål. (Foto: KVB)
Det gjorde Line òg. (Foto: KVB)
Det gjorde Line òg. (Foto: KVB)
Ann Kristin med tre redninger siste kvarteret. (Foto: KVB)
Ann Kristin med tre redninger siste kvarteret. (Foto: KVB)
Thiet måtte steppa inn på høyrekant. (Foto: KVB)
Thiet måtte steppa inn på høyrekant. (Foto: KVB)
Ayleen med godt forsøk. (Foto: KVB)
Ayleen med godt forsøk. (Foto: KVB)
Nora har vore vekke ein månad. I går skåra ho 9 mål. (Foto: KVB)
Nora har vore vekke ein månad. I går skåra ho 9 mål. (Foto: KVB)
Mia med knuseklem til Thiet etter kamp. (Foto: KVB)
Mia med knuseklem til Thiet etter kamp. (Foto: KVB)
1 av 9
God strek x2: Stine Eide og Mia T. Nielsen (bildet) skåra fem mål kvar. (Foto: KVB)
Regine Sten skåra 3, her blir det 30-27. (Foto: KVB)
Anna Mjånes skåra 6 mål. (Foto: KVB)
Det gjorde Line òg. (Foto: KVB)
Ann Kristin med tre redninger siste kvarteret. (Foto: KVB)
Thiet måtte steppa inn på høyrekant. (Foto: KVB)
Ayleen med godt forsøk. (Foto: KVB)
Nora har vore vekke ein månad. I går skåra ho 9 mål. (Foto: KVB)
Mia med knuseklem til Thiet etter kamp. (Foto: KVB)

I førre runde blei det braktap for serieleiar Fyllingen (16-45). Laurdag tok Os sitt damelag sin første siger på fem månadar, den andre for sesongen, då dei i dag tok imot dei einaste dei har slått til no, NIT-HAK.

– Sist gong leia vi med ti mål, men vann med berre to (27-29), så vi var førebudd på å kjempa til siste slutt, seier strekspela på Os, Mia Torp Nielsen.

I dag tok Os leiinga frå start, og leia på det meste 27-18. Men gjestane gjorde som sist, kom tilbake, og Os måtte fighta for å halda dei fire mål bak seg til 60 minutt var spelt.

Os - NIT-HAK 36-32 (20-17)
Os: Marlene Sund, Ann Kristine Een Lyssand, Nora Berge 9, Line Hjelle Berentsen 6, Anna Martine Særvold Mjånes 6, Stine Eide 5, Mia Torp Nielsen 5, Regine Sten 3, Bente Mjanger 1, Thiet Dang 1 og Ayleen A. Hagen.

Stine (16) debuterte frå start, skåra 4 av 6 første

– Eg har nesten gløymd kor deilig det er å vinna handballkampar, sa ei nøgd og tilsynelatande rørt Gitte Torp etter kamp.

– I dag set vi forsvaret frå start, og då er det lettare å spela godt angrepsspel. Og så står vi kampen ut, kanskje for første gong denne sesongen.

Trenarkollega Trond Budal tar notat gjennom kampen, og seier det er fleire element å gle seg over enn sigeren.

– I dag sit strekspelet. Vi skårer heile 10 mål frå strek, dei to strekspelarane våre med 5 kvar.

16 år gamle Stine Eide spelte i dag frå start for første gong.

– Stine lykkast noko så valdsamt, og skårer 4 av dei 6 første måla våre, kjempar på seg straffe og skårer også eitt når ho kjem innpå igjen i andre omgang. Mia Nielsen gjer tilsvarande, skårer eitt før pause og fire etterpå.

Nora tilbake i toppform

Nora Berge, som i januar blei tatt ut til regional landslagssamling saman med lagvenninne Anna Martine Særvold Mjånes, har vore vekke i ein månad grunna sjukdom. I går var ho tilbake, og viste storform frå første stund.

– Nora skårer 9 mål og har 6 assist. Også Anna Mjånes og Line Hjelle Berentsen blei viktig i dag, Anna med 6 mål, Line med 6 mål og 6 assist, seier Budal.

Keeper Ann Kristin Lyssand fekk det godt til i dag. Straffane blei vanskelege å redda, men ho hindra tre skot i den avgjerande siste halve omgangen.

Siger gav meirsmak

– Vi manglar tre spelarar i dag, men alle vi har med oss yter frå start til slutt. Thiet må spela på høgreving, som er ny posisjon, men meistrar det godt og skårer eit mål. Dette var ein skikkeleg lagsiger! seier Gitte.

– Men det var ekstra godt å ha Nora tilbake! No skal vi slå Stord òg, seier Thiet.

Os ligg framleis nedst på tabellen, a-poeng med Stord på 11. plass. NIT-HAK og Årstad har 13 poeng, alle dei fire nedste med 3 kampar igjen.

Os avsluttar sesongen med kamp mot Nordstrand heime, Stord borte og Åsane heime.

Tabell og terminliste

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.