Mange var med på den aller første SkulpTur-vandringa i Os. (Foto: KML)

Første SkulpTur-vandring

I tre månadar kan du sjå ein serie skulpturar om du vandrar gjennom Os sentrum. Laurdag opna SkulpTur 2015.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kari M. Lyssand

Det skal meir til enn regn for å stoppa kunstinteresserte osingar, mange hadde møtt opp for å få med seg opninga av det aller første SkulpTur i Os.

I det gamle kommunehuset blei det servert sprudlevatn og frukt før publikum opna paraplyane og gjekk ut for resten av programmet.

Arne Mæland presenterte kunstnarane, dei fleste av dei var med på arrangementet. Alle er norske skulptørar og i tillegg til dei lokale kunstnarane Arne Mæland og Vidar Brattlund Mæland, finn vi skulpturar frå Kjersti Wexelsen-Goksøyr, Stig Eikaas og Kristian Blystad.

Til saman er det 17 skulpturar frå 12 kunstnarar.

– Kunst er ei ekstraordinær oppleving

Dagens talar var Per Grieg, som skulle opna utstillinga som går frå kyrkjeflata til Oseana.

Grieg let seg ikkje affisera av at vêrgudene la inn eit ekstra gir, han fortalte i høljande regn og hagl kva han legg i ordet kunst.

– Kunst er det som gjev den enkelte ei ekstraordinær oppleving, om det er eit måleri, dans, sport eller kva det måtte vera.

Dancing in the rain

Etter at snora blei skoren over med Griegs eigen army-knife fekk fire dansarar frå Os kulturskule gje ein smakebete på danseshowet Verbo, som dei skal visa i Oseana i juni.

Meininga var òg at dansarane skulle avduka skulpturane, men dei måtte få varme i seg etter si flotte framsyning på den våte scenen.

Etter avdukinga av skulpturane starta vandringa der kunstnarane sjølve fekk fortelja om sin skulptur.

Skulpturane står ved kyrkjeflata, ved Baronselva, utanfor kommunehuset, Sparebanken Vest og Oseana.

Utstillinga står frå 30. mai til 30. august.

Les meir om utstillinga og sjå kart.

 

Fleire saker