Festivalar | 01. nov. 2022

Første slepp til Tysnesfest 2023

– Astrid S har vore her før, og sidan den gong har ho blitt ei av dei absolutt største stjernene i Norge!

Astrid S kjem til Tysnesfest neste år. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. nov. 2022 09:07

Astrid S – berre namnet får det til å gnistra i discolamper og mellomgolv – eit popvidunder av dei heilt sjeldne, kjem sjølvsagt først når Tysnesfest byrjar å sleppa stjernene som skal spela på festivalen i 2023, skriv festivalleiinga i ei pressemelding i går.

– Me har gledd oss veldig til å avsløra at Astrid S er blant artistane som kjem til Tysnes neste sommar, seier dagleg leiar Øystein Vaage.

Tysnesfest går av stabelen 12. til 16. juli neste sommar. Første slepp er til første store konsertkveld, torsdagen.

– Astrid S har vore her før, og sidan den gong blitt ei av landets største.

Astrid S speler på Tysnesfest i juli. (Foto: Universal Music)
Les ògAstrid S klar for Tysnesfest

Med over fire milliardar strøymingar av hit-ar som «Hurt So Good», «Think Before I Talk» og «Emotion», seks EP-ar, utselde verdsturnear, og vinnar av «Årets Spellemann» i 2018 er Astrid S utan tvil ei av Norges største stjerner.

– Ekte stjerner lyser på alle scenar, og Astrid har verkeleg utfordra seg sjølv med å glitra på filmlerretet som Askepott, og i motebransjen med sitt eige klesmerke By Astrid S.

– No er det turnering og musikk som kjem i første rekke, og låta «Come First» er første i rekka av nye hits som kjem som perler på ei snor fram mot det som blir ein festivalsommar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.