Sport | 08. sep. 2019

Første tap sidan 25. mai

Lysekloster hamna i dag 5 poeng bak serieleiar.

Første tap sidan 25. mai
Lysekloster, her etter tap heime for Djerv 1919 i vår, gjekk på ein smell borte mot Vestfossen i dag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. sep. 2019 17:57

Lysekloster spelte i dag borte mot Vestfossen. Vestfossen hadde ein svak vårsesong, men slo Brann 2, spelte uavgjort mot Fana og vann over Djerv 1919 etter sommarferien.

På heimebane vann Lysekloster 4-1, i dag leia dei 0-1 til pause.

– Vi starta også 2. omgang bra, men så fekk vi eit svart kapittel, seier ein skuffa Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Vestfossen - Lysekloster 3-2 (0-1)
Målskårarar, Lysekloster: Even Vetås og Karol Zielinski.

Lysekloster hadde 10 sigrar på rad før dei i førre runde spelte 0-0 mot serieleiar Vard Haugesund. Med siger i dag ville dei halde seg to poeng frå toppen.

– Dei klarerte eit frispark, og vi skulle senda ball til keeper. Denne blei snappa opp av ein Vestfossen-spelar, og vi lagde straffe, fortel Ruben om starten på snuoperasjonen til heimelaget.

Vestfossen kom inn i kampen, Lysekloster kom ikkje til hektene før det sto 3-1.

– Eg sette innpå det vi har av spissar, men fekk ikkje skåringa før i 87. minutt, og denne eine var ikkje nok.

Hetlevik fortviler etter tap av viktige poeng mot eit lag «vi skal slå i 10 av 10 kampar».

– Det var ein vanskeleg bane, og Vestfossen er fysiske. Men vi klarte oss bra mot endå meir fysiske Djerv 1919, og skal takla forhold som dette betre enn det vi gjorde i dag.

Gir ikkje opp mål om opprykk

Trass auka avstand til tabelltopp har Lysekloster langt frå gjeve opp målet om opprykk.

– Det vil nok blir fleire uforutsigbare resultat utover hausten. Vi får berre sørgja for å gjera jobben vår, så vi stå i posisjon om andre feilar.

Lysekloster speler neste kamp heime mot Fyllingsdalen, som dei i vår slo 0-3 på bortebane.

Terminliste og tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.