Fotball | fem timar sidan

Første tap sidan 6. april

Serieleiar Os reiser heim frå Førde utan poeng.

Første tap sidan 6. april
Os tapte 4-6 for Førde heime i oktober (bildet). Heller ikkje i dag klarte dei å slå dei kvitkledde. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 23. mai 2026 17:00

Os spelte i dag 8. serierunde. Kampen gjekk borte mot Førde, som låg på 10. plass etter 3 sigrar og 4 tap før kampstart.

Heimelaget vann 2-1.

Førde gjekk tok leiinga, mot spelet sin gang, på ei kontring i 36. minutt.

Tidlegare Førde-spelar Daniel Kvalvågnes utlikna ved flikka eit innlegg i nota i 44. minutt.

Os heldt på det spelemessige overtaket, men klarte ikkje å skåra meir, sett vekk frå den offside-annulerte nettkjenninga til Kvalvågnes i 64. minutt.

Os fekk corner i 86. minutt, men det enda med ei kontring som Førde skåra på.

2-1 sto seg kampen ut, og Os har hatt nok ein poenglaus ferd nord for Sognefjorden etter tap for Sogndal 2 i serieopninga

Førde - Os 2-1 (1-1)

Os: Vitalijs Melnicenko - Jason Onsrud Buan, Fredrik Strønen Skeie, Mathias Sivertsen (kaptein), Eirik Rysjedal - Kristoffer Røttingen, Henrik Tysse Sperrevik, Sebastian Plätzer - Aboubacar Sidiki Conde, Robin Johnsen Vindenes og Daniel Grimset Kvalvågnes

Innbytarar: Ola Bergsvåg Skjerven, Henrik Helland, Nathaniel Overå, Albert Sjo Hystad, Filip Fjellberg og Sverre Sætre Orten

Os leiar framleis serien, før Askøy har spelt åttande runde. Vard Haugesund ligg eitt poeng bak Os etter 4-1-siger over Stord.

Os sin neste kamp går heime mot Austevoll fredag.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?