Sport | 11. jan. 2019

Første treningskamp blir heime mot Fana

Os har avtalt desse fem treningkampane til no.

Første treningskamp blir heime mot Fana
Mats Cato Moldskred og Os slo Fyllingsdalen 2 i haust. I år skal dei bryna seg på førstelaget i både treningskamp og serie. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. jan. 2019 12:27

Nytt trenarteam med Endre Brenne og Rune Åsheim Mo er i gang med oppkøyringa til Os før årets comeback i 3. divisjon.

Seriestart er laurdag 13. april heime mot Stord. Før den tid ventar minst fem treningskampar.

– Vi startar heime mot Fana. Det blir spennande både å møta eit godt 3. divisjonslag (7. plass i fjor) og å spela mot min tidlegare trenarkollega Ørjan Håland, seier Endre Brenne.

Rune Mo er like spent på å møta Stord, både i treningskamp og i serieopninga.

– Det er Stord eg har spelt mest A-lagsfotball med. I fjor spelte eg både mot Stord for Lysekloster og mot Lysekloster for Stord, fortel Os sin nye spelande assistenttrenar.

Os Fotball reiser på treningsleir til Tyrkia med alle tre opprykkslaga frå 2018-sesongen; A-laget, B-laget og damelaget.

Forutan ambisjonar om treningskamp i Tyrkia har A-laget avtalt desse kampane:
Laurdag 26. januar: Os - Fana
Laurdag 9. februar: Os - Smørås
Laurdag 16. februar: Fyllingsdalen - Os
Laurdag 16. mars: Stord (ikkje bestemt om det er heime eller borte)
Laurdag 6. april: Sotra - Os

Smørås er nyopprykka til 4. divisjon, Fyllingsdalen kom på 2. plass i 3. divisjon i fjor og Sotra, som blir Os sin generalprøve, rykte opp til 2. divisjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.