Sport | 03. okt. 2013

Førsteårs-opprykk til Os

Medan dei eldste juniorane kjempar om opprykk til 1. divisjon sikra førsteårjuniorane tysdag opprykk til 2. divisjon.

Førsteårs-opprykk til Os
Delar av laget som tysdag sikra opprykk. Gutelagskeeper Mikal Brekke var med juniorane på trening, for Os G19 er det stort sett Tommy Breivik som har vakta buret. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. okt. 2013 07:46

Os starta på nytt i juniorklassen i vår, ettersom dei måtte trekka førstedivisjonslaget sitt før 2012-sesongen.

I vår kom klubben med to lag som starta frå botnen. Begge fekk ein god start, men eit stykke ut i sesongen måtte Os prioritera andrelaget for å rykka opp med eitt av dei.

No ligg Os 2 nær opprykk til 1. divisjon, medan Os 1, som kom på 2. plass i 3. divisjon i vår, er sikra opprykk til 2. divisjon.

Over 30 juniorar

– Vi har over 30 juniorar i klubben. Fleire av dei er med A-laget og Os 2, men vi er likevel over 20 på dei fire juniorøktene vi har i veka, seier lagleiar Gunnar Aadnevik.

– Dei 18 eg har med meg er stort sett førsteårsjunior, i tillegg har vi med to gutespelarar fast.

Nordvik skåra to

– Dei har hatt ein fin sesong og ein haust utan tap. Då vi tysdag slo Sotra på 3. plass 4-2 (3-1) var opprykket i boks.

Isak Røen og Mikal Reed-Larsen skåra kvar sine mål i kampen, Alexander Nordvik putta to.

Os møter botnlaget Ask i den siste, uviktige serierunden.

– Og så kan vi gleda oss over at vi får spela om KM-tittelen i 3. divisjon seinare i haust, seier Aadnevik.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.