Lokal | 03. des. 2019

Forsterkingane kom nesten fram

Bergen brannvesen prøvde seg på den usalta gamlevegen til Drange.

Forsterkingane kom nesten fram
Ein brannbil har hamna i grøfta mellom Søvikvegen og Drangsvegen. (Lesarbilde, foto: Oluf Hessen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. des. 2019 11:43

Bildeserie:

Den gamle avkøyrsla er ikkje lenger i bruk, og vegen er neppe salta. (Lesarbilde, foto: Oluf Hessen)
Den gamle avkøyrsla er ikkje lenger i bruk, og vegen er neppe salta. (Lesarbilde, foto: Oluf Hessen)
1 av 1
Den gamle avkøyrsla er ikkje lenger i bruk, og vegen er neppe salta. (Lesarbilde, foto: Oluf Hessen)

Ein brannbil frå Bergen står tysdag i grøfta i krysset mellom Søvikvegen og Drangsvegen.

Bilen var truleg på veg til å assistera Os brannvesen med sløkking av brann i naust på Søvikneset.

– Den har tydelegvis køyrd feil i krysset, og der har det neppe vore salta, seier innringar Oluf Hessen.

– Bilen var tom for folk, så dei har truleg fått mannskapen av garde til brannen.

Den gamle versjonen av krysset, som ikkje har vore i bruk på fleire tiår, er framleis ope.

To gongar i fjor haust køyrde bussen seg fast i same, stengte kryss.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.